Hopp til innhold

Edvin Haugen blir ny dagleg leiar i Nordfjord Vekst

Edvin Haugen (31) frå Hornindal er tilsett som ny dagleg leiar i Nordfjord Vekst AS. Haugen var ordførar i Hornindal fram til valet sist haust. Han jobbar i dag ved Ekornes Grodås.

Edvin Haugen

VEKSTKRAFT: - Eg har sterk tru på etableringa av Nordfjord Vekst, og ser fram til å leie arbeidet, seier Edvin Haugen.

Foto: Fotografen Kristin R. Eide/Nordfjord Vekst AS

- Med Edvin Haugen på laget er Nordfjord Vekst for alvor ute av startgropa. Vi har no fått på plass ein sterk og kreativ ”motor” for regionalt samarbeid om vekst og nyskaping, med god evne til lagbygging og stor innsikt i både politikk og næringsliv, seier styreleiar i Nordfjord Vekst AS, Sverre Søraa i ei pressemelding.

Har tre hovudmål

Nordfjord Vekst AS er etablert frå årsskiftet 2011/12 som felles næringsutviklings-selskap for Eid, Selje og Vågsøy.

Selskapet er eigd av dei tre kommunane og ca 250 aksjonærbedrifter, og skal arbeide med dei tre hovudområda gründerhjelp/ bedriftskontakt, nye næringsutviklingsprosjekt og rammevilkår for næringsutvikling.

Har tru på etableringa

Selskapet har per i dag to tilsette.

- Skal næringslivet i Nordfjord ha vekstkraft, må vi i langt sterkare grad stå saman om felles satsingar og jobbe for felles mål på tvers av kommunegrenser. Eg har sterk tru på etableringa av Nordfjord Vekst, og ser fram til å leie arbeidet i selskapet, seier Edvin Haugen.