Hopp til innhold

Hat trick av Hellesund

Sogndal slo Førde 4-0 i første runde i NM-cupen onsdag kveld. Men 1. divisjonslaget måtte spele i 70 minuttar og vel så det før dei fekk hol på byllen.

Kim Rune Hellesund
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Då skåra først Håvard Flo, deretter noterte Kim Rune Hellesund seg for ekte hat trick. Det siste målet sette han inn på straffespark. Alle måla til Sogndal kom i løpet av eit kvarter.

Førde forsvarte seg godt i første omgang, og hadde fleire gode sjansar i andre omgang, men etter kvart gjekk det unge Førde-laget tom for krefter.

Eit svært ungt og defensivt organisert Førde-lag gjorde det vanskleg for Sogndal i 1. rundekampen på Førde stadion onsdag.

Sløsa bort målsjansar

Og om Sogndal ikkje akkurat gjekk ut i hundre, la dei straks press på det lågtliggande heimelaget. På høgrekanten viste Henrik Fureboten seg straks fram, men offensivt ville det seg ikkje for 1. divisjonslaget der både Håvard Flo og Henrik Furebotn sløsa villig vekk med store målsjansar. Etter kvart fekk førdeforsvararane skuldrane ned, og med midtsoppar Kristian Nygaard i spissen gjorde heimelaget det vanskleg for gjestane.

Men utover i andre omgang fekk dei betre trena heildagsspelarane frå Sogn betalt for tolmod og innsats, då Håvard Flo opna skåringsballet etter 71. minuttar.