Hopp til innhold

Hastig førar miste førarkortet

Ein person må klare seg utan førarkort etter ein fartskontroll i 50-sona vest for Stryn sentrum i ettermiddag. Føraren vart målt til 83 kilometer i timen og måtte levere frå seg førarkortet på staden. Politiet skreiv i tillegg ut ti forenkla førelegg for høg fart.