Hopp til innhold

Vinteren har øydelagt for milliardar

Vinteren har vore tøff for norske vegar. No har kommunane sprengt budsjetta sine.

Video Dårleg nytt under snøen

Sterk kulde, kombinert med enorme mengder regn og snø har ført til store øydeleggingar av vegar over heile landet.

40 milliardar i etterslep

Hallstein Dvergsdal

DJUPT: Hallstein Dvergsdal målar djupna på veghola med mobilen sin.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Berre på dei kommunale vegane er etterslepet på vedlikahald nærmare 40 milliardar kroner, og med våren kjem det fleire dyre overaskingar for kommunane.

For vegane er holete og øydelagde. Det har Hallstein Dvergsdal i Jølster merka. Med mobiltelefonen sin målar han djupna i ei stor hole.

– Du ser det er så djupe spor at det snart ikkje er mogleg å køyre bil her. Med litt fart ned i denne, kan eksosanlegget ryke med.

– Rotnar på rot

Bjørn Anders Steinsund

GÅR UT OVER NOKO: Skal driftsjef Bjørn Anders Steinsund i Jølster kommune reparere vegane, vil det gå ut over andre ting.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

For Jølster kommune er budsjettet allereie sprengt på grunn av mykje brøyting og strøing. Men kommunen må ta seg råd til å også reparere skadene etter vinteren, om folk skal kunne ferdast trygt.

Driftsjef Bjørn Anders Steinsund i kommunen seier det vil gå ut over andre ting.

– Det blir mindre vedlikehald på barnehagar, skular, sjukeheim og andre kommunale bygg.

– Norge går så det susar, men rotnar på rot, sukkar han.

Regjeringa: – Kommunane må prioritere

Helge Eide

PRIORITERE: Direktør Helge Eide i KS, seier det er vanskeleg for kommunane å prioritere vedlikehald.

Foto: NRK

Kommunaldepartementet seier at kommunane har fått så mykje meir pengar at dei bør ha råd til å prioritere vedlikehald.

Men direktør for interessepolitikk, Helge Eide, i kommunane sin interesseorganisasjon, KS, seier det er vanskeleg å få pengane til å strekkje til.

– Kommunane har enorme oppgåver, men rammene er gjevne. Innanfor det må ein prioritere. Konsekvensen av dette er at ein prioriterer tenesteområdene framfor vedlikehald. Det er i alle fall situasjonen i 2011.

Holete veg

HARD MEDFART: Vegane er prega etter det tøffe vintervêret.

Foto: Torje Bjellaas / NRK