Hopp til innhold

Har venta nær eitt år på Difi-svar

- Vi veit ikkje kva som skjer, seier ordførar i Leikanger, Olav Lunden og undrar seg over om planane om å legge Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) er skrinlagde.

Tinghuset på Leikanger

UVISSE: Politikarane i Leikanger fryktar at etableringa av Difi ikkje blir gjennomførd som planlagd.

Foto: Arild Nybø

I snart eitt år har dei venta på oppføringa av nye sårt trengde arbeidsplassar til nær 80 tilsette i Difi på Leikanger.

Kommunen har gjort sitt, og Statbygg står klar til å bygge - men velsigninga frå Statsråd Rigmor Aasrud i administrasjonsdepartementet er framleis ikkje komen.

- Det er litt forunderleg når regjeringa har sagt i klartekst at dei ynskjer å etablere statlege arbeidsplassar i distriktet. Her er det eit prosjekt som er heilt klart, og då burde det vere høvesvis lett å sette i gang prosjektet når vi sågar har gjort vedtak om rydding av tomt og Statbygg er klare til å byggje, seier Lunden.

Får ikkje svar

Olav Lunden

UNDRAR: Ordførar i Leikanger, Olav Lunden, er uforståande til ventetida.

Foto: Leikanger kommune

I fjor kom meldinga om at Difi har tinga Statsbygg til å reise eit kontorbygg med plass til 100 arbeidsplassar. Bygget skal etter planen realiserast på tomta til det gamle tinghusanlegget.

Lenger har ikkje saka kome sjølv om kommunen har gjort alle naudsynte vedtak om både regulering og sanering av eksisterande byggmasse.

- Vi har tatt kontakt med statsråden direkte, og hadde i mars møte med Rigmor Aasrud, men fekk heller ikkje på det møtet noko svar om når vi får starte, seier Lunden.

Skrinlagt planar?

Aasrud er venta til bygda i slutten av mai månad. Leikangerordføraren håpar då å få meir svar, eller snarare klarsignalet Statbygg treng for å sette i gang.

Kommunen har allereie henta inn overslag på kostnader og tidsaspekt på rivingsdelen. Det vil komme på mellom fire og fem millionar kroner.

- Vi stiller spørsmål om dei har tankar om at det ikkje skal vere her, noko vi heller ikkje har fått svar på, seier Lunden og tykkjer heile situasjonen er underleg.

Viktige signal

- Regjeringa har i klartekst sagt at dei ynskjer å etablere statlege arbeidsplassar i distriktet. Her er det eit prosjekt som er heilt klart, og då burde det vere høvesvis lett å sette det i gang, legg Lunden til.

- Det vil vere viktig ikkje berre for Leikanger, men også for heile Sogn og Fjordane. Det er eit viktig signal for at ein skal ha slike viktige statsarbeidsplassar også ute i distrikta. Ut frå det, burde regjeringa få sette i gang bygginga, seier Lunden.

Trongt om plassen

Difi er fordelt med 78 tilsette på Leikanger, og 142 tilsette i Oslo. For dei tilsette på Leikanger har ventetida vore både trong og lang.

- Dei har det rimeleg trongt. Dei er lokalisert i eit bygg som i utgangspunktet er rekna til kring 50 personar. Dei er kring 80, og då kan ein tenkje seg sjølv kva arbeidsforhold dei har, seier Lunden.