Har valt nytt Fjord1-styre

Vidar Grønnevik og Bente Nesse er attvalt som fylkeskommunen sine medlemmar i Fjord1-styret. Det vedtok eit samrøystes fylkesutval no nettopp. Sitjande styremedlem Arvid Andenæs fekk tilbod om å bli varamedlem, men det ville han ikkje. Han går dermed ut av styret. Pål Wergeland Lorentzen held fram som styreleiar, men han blir no Havila sin representant, og ikkje lenger fylkeskommunen. Grønnevik blir nestleiar i styret, medan Arve Helle og Jan Herstad blir varamedlemmar i styret.