Har starta jakta på nye tilsette

Den ferske fabrikksjefen ved Saint Jean Industries Høyanger har allereie vore i kontakt med folk

Ståle Thorbjørnsen

Fabrikksjef Ståle Thorbjørnsen skal dei komande åra tilsette opp mot 150 personar. Jakta på kvalifisert arbeidskraft har allereie starta.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Her må det skeinast opp, konkluderte den nye fabrikksjefen Ståle Thorbjørnsen då han i dag var på synfaring i lokala som franske Saint Jean snart skal flytte inn i.

Lekkasjar i taket og andre ting er allereie blitt tatt tak i. Den største oppgåva er han så vidt starta på.


– Den første store utfordringa for leiinga er å få tilbake kompetansen som var ved gamle Fundo.

Det seier den nytilsette fabrikksjefen ved Saint Jean i Høyanger, Ståle Thorbjørnsen.

Han var avdelingsleiar for produkt- og prosessutvikling i Fundo, men går no over i stillinga som fabrikksjef i den nye verksemda som har fått namnet Saint Jean Industries Høyanger.

Konkursen vinteren 2009 kosta over 300 tilsette ved Fundo Wheels jobben. Mange av dei mest kvalifiserte har arbeid i andre verksemder.

– Det er ei stor utfordring. Dei ulike ekspertane er truleg i ulike situasjonar i dag. Nokre er i faste jobbar, andre pendlar og andre igjen har kanskje ikkje arbeid.


Men i dag vart det klart at det blir ny bilfelgproduksjon i Høyanger.

Franske Saint Jean skreiv under kontrakt om kjøp av patenten på det såkalla hybridfelgen, og reknar med 70 tilsette om tre år og 150 tilsette innan fem år.

Ståle Thorbjørnsen er mannen som skal hanke inn personar til dei nye arbeidsplassane.

Thorbjørnsen seier han har fått utelukkande positive tilbakemeldingar frå tidlegare Fundo-tilsette når han har tatt kontakt.