NRK Meny
Normal

Har sleppt inn 40 mål på ni kampar

Sogndal 2 viste seg hakket kvassare enn naboen frå andre sida av Loftesnesbrua.

Vertane vann til slutt 3-1, etter å ha leia 1-0 til pause over Kaupanger.

Nondal avgjorde

Kaupanger kom til Sogndal med rundens sjokkresultat etter førre helgs 1-0 siger over dåverande serieleiar Tornado Måløy . På Fosshaugane kom dei derimot kraftig ned att på jorda. Allereie etter seks gjekk mål nummer 40 for sesongen inn bak KIL-spelaren, då Oddbjørn Skartun var sist på eit innlegg frå Valtter Laaksonen.

Etter kvilen utlikna først Ole Einar Rebni frå krittmerket, men seks minutt før full tid sette Thomas Dyrdal inn 2-1 for Sogndal sine nest beste. Servitør var Kenneth Nondal. Kaupanger hadde då hatt fleire sjansar til å ta leiinga.

Tre minutt seinare var Nondal sjølv sist på ballen og fastsette sluttresultatet til 3-1.

Kvar sin ende

Oppgjeret avrunda niende serierunde i 3. divisjon. Sogndal er no heilt oppe i ryggen på Årdal, Førde, Tornado Måløy og Stryn, med sine 18 poeng. Grøntrøyene frå Årdal leiar serien med 21 poeng.

Kaupanger er på si side nummer ti med sine seks poeng. Berre Florø og Vik har mindre poeng.

Sogndal 2 - Kaupanger

6 min. 1-0 Kai-Henry Haugen

26 min. Teemu Turunen (Sogndal) får gult kort.

59 min. Ole Einar Rebni (Kaupanger) får gult kort

68 min. 1-1 Ole Einar Rebni

71 min. Halvor Fretland (Sogndal) får gult kort.

74 min. Kjetil Myklebust (Kaupanger) får gult kort

84 min. 2-1 Thomas Dyrdal

86 min. 3-1 Kenneth Nondal

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå