Hopp til innhold

– Eg er nok ikkje grei å ha i hus, om eg ikkje kjem meg ut innimellom

HOLMENKOLLEN (NRK): Steinar Mundal (65) har mista kontrollen på kor mange VM og OL han har vore med i. No skal han i tenkjeboksen om han skal vere med til OL i 2018.

Steinar Mundal frå Brekke stortrivst under VM i skiskyting.

ENGASJERT: Steinar Mundal sekunderer dei norske jentene under 15-kilometeren.

Karen frå Brekke i Gulen er langrennstrenar for skiskyttarjentene på landslaget, og han har fått mykje av æra for den store framgangen dei har hatt i sporet i VM i Holmenkollen.

Også på 15-kilometeren gjekk dei fort, tre av dei norske utøvarane hadde langrennstider mellom dei ti beste. Men skytinga gjekk i hytt og pine, slik at totalresultatet vart dårleg. Difor var Steinar Mundal skuffa etter øvinga.

– Dette er for dårleg, for å vere heilt ærleg. Vi hadde håpa på ei plassering i topp ti, iallfall. No ligg dei rundt nummer 30, og det er ikkje godt nok.

Men sjølv om 65-åringen ikkje var nøgd med innsatsen denne dagen så stortrivst han i det livet som er under VM i skiskyting.

– Det er veldig artig, det er jo kjempestemning. Til og med i dag då det var forskyving på starttidspunktet så var det mykje folk. Ute i løypene var det meir folk enn tidlegare.

Landslagstrenar for Canada

Steinar Mundal starta karrieren som langrennstrenar i Konnerud i Drammen i 1987. Så trena han krinslaget til Buskerud før han vart henta til Canada, der han var landslagstrenar, mellom anna under OL i 1994 og 1998.

Sidan har han stort sett vore involvert i norske landslag, og har vore ein sentral del av den norske langrennssuksessen.

Steinar Mundal

NØGD MED FARTEN, IKKJE SKYTINGA: Steinar Mundal konstaterer at 15-kilometeren ikkje vart nokon norsk suksess.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har lyst på OL-tur

Siste året har han altså arbeidd med å få dei norske skiskyttarjentene til å gå fortare på ski. Og det har gått så bra at han kan tenke seg å vere med vidare.

– No skal eg heim og diskutere med kona om eg skal halde fram til OL. Men det er klart eg har lyst.

Han har ikkje tal på kor mange store meisterskap han har vore med på. Han reknar opp to OL og tre VM for Canada. Etter det har han ikkje lenger kontroll, men det er mange meisterskap.

Tiril Eckhoff

DET STØRSTE: At Tiril Eckhoff tok VM-gull rangerer Mundal som det største han har vore med på.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Gullmedaljen til Tiril størst

Og det som har skjedd i Holmenkollen rangerer han som noko av det største han har vore med på.

– Gullmedaljen til Tiril Eckhoff trur eg faktisk er det største, i og med at det ikkje var heilt forventa.

– Du har fått mykje godord for jobben du gjer, kva tykkjer du om det?

– Det er veldig moro, eg kan ikkje seie noko anna. Vi har løfta oss på langrennstider. Men samstundes veit eg at det er ikkje hjelp i berre å gå fort, vi må få dei til å skyte bra. Kanskje vi kan legge meir vekt på skytinga no når dei har fått opp farten i sporet.

Men Mundal har tru på at kvinnelandslaget kan bli skikkeleg godt om to år når det er OL i Sør-Korea.

Skiskytterkvinner

PÅ PRESSEKONFERANSE: Steinar Mundal (t.h.) saman med f.v. Stian Eckhoff, Marte Olsbu, Fanny Horn Birkeland, Synnøve Solemdal før sprinten laurdag.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Blir veldig uroleg heime

Trenargjerninga er noko Mundal har med seg så å seie døgnet rundt.

– Eg må nesten reise til Syden for å sleppe å vere trenar, og det skal eg gjere til våren.

All reisinga gjer at kona ikkje ser for mykje til han. Og kanskje er det like greitt, humrar han.

– Eg blir veldig uroleg om eg berre skal vere heime. Eg trur ikkje er noko grei å ha i hus utan å kome meg av garde innimellom. Men vi samlast familien når eg er heime, eg har to søner med familiar, i alt fem barnebarn.