Hopp til innhold

Her dunkar Sondre (19) for første gong i eliteserien

Då eikefjordingen Sondre Løkkebø Nybø (19) først starta poengsankinga i eliteserien i basketball, så gjorde han det til gagns.

Sondre Løkkebø Nybø har scora 20 poeng i sin første sesong med Frøya i BLNO.

SLAM DUNK: Sondre Løkkebø Nybø sin første dunk som eliteseriespelar i basketball kom borte mot Ammerud

Overgangen frå 2. divisjonsspel med Eikefjord til eliteseriespel med Frøya har overraska 19-åringen frå Flora.

I september kom Sondre Løkkebø Nybø til bergensklubben som sjølvutnemnd læregut . No har han figurert i sju kampar og fått vel tre kvarter på bana for Frøya.

– Det motiverer til å trene meir og hardare, seier han.

Slam dunk

Rett nok ligg speletida på to-tre minuttar per kamp, med unntak av Oslo-turen i slutten av november. Frøya hadde liten stall, noko som resulterte i 36 minuttar på bana – og hans første poeng som eliteseriespelar.

Først åtte poeng mot Ammerud og etterfølgjande 12 poeng mot Centrum Tigers. Mot Ammerud varta han endå til opp med ein slam dunk.

– Det kjendest veldig bra ut med ein dunk. Heile laget skrik på ein og pumpar deg opp. Det gjorde godt, gliser han.

Legg lista høgare

Sondre Løkkebø Nybø

FERSKING: Sondre Løkkebø Nybø (nummer 22) er inne i sin første sesong i den norske toppserien i basketball.

Foto: Privat

Elektrikarlærlingen kom til Bergen med ein målsetjing om å smake på nivået og for å lære seg meir om basketball. Allereie i serieopninga mot Nidaros fekk han speletid.

– Eg vart ganske overraska då eg vart plukka ut på laget rett etter at eg hadde begynt, men eg rekna med det berre vart å sitje på benken, seier Nybø og legg til at ambisjonane no har vakse seg større.

– Det var andre som meinte eg heller burde prøve å vere ein spelar som gjer noko for laget, framfor berre å lære. Det hjelpte litt på mentaliteten. Å ikkje berre tenkje at eg er her for å lære, men heller prøve å score poeng og få speletid.

Nøgd trenar

Trenar Edmunds Gabrans meiner dette bør vere ein naturleg ambisjon for den 19 år gamle basketballspelaren frå Eikefjord.

Han er nøgd med utviklinga

– Har ein ikkje lyst å bruke tida på bana, så er det ikkje rettferdig overfor seg sjølv, meg eller laget, å vere her. Men Sondre kjem på kvar trening, han trenar hardt og han lærer raskt. Han har allereie teke store steg, seier Gabrans.

– Samstundes manglar han litt basis, ballbehandling og forståing. Men det kjem med erfaring, legg han til.

Stor overgang

Overgangen frå 2. divisjonsspel med Eikefjord til eliteseriespel med Frøya har vore stor. Ikkje minst med tanke på treningsintensiteten.

– Det er trening kvar dag, og du har ikkje mykje tid til å drive andre aktivitetar. Dei første vekene var eg veldig sliten, for eg var ikkje vand med så mykje springing. Vi hadde også mykje teori, seier han.

Det er også høgare nivå og intensitet i kampane.

– 1. divisjon er ganske bra også, men i BLNO er det fullt køyr heile tida. Det er ikkje tid til å slappe av så mykje, og følgjer du ikkje med blir du bytt ut eller kjefta på av lagkameratane, gliser han.

– Kan etablere seg

Frøya har Ammerud og serieleiar Gimle att før dei tek juleferie til motstandaren heiter Tromsø Storm 17. januar. Bergensklubben er på femteplass, med åtte poeng frå dei ni første kampane.

Trenar Gabrans seier Nybø vil få meir speletid i debutsesongen.

– Men han må kjempe for det, og bevise at han vil ha det, seier han.

– Kan Sondre etablere seg som ein eliteseriespelar?

– Vi venta ikkje at han ville slå til med det same i sitt første år, men han er atletisk og har energi. Eg trur han vil utvikle seg stort og vil finne sin plass. Eg vil seie at han kan bli ein god spelar. I alle fall.

P.S. Gamleklubben til Sondre, Eikefjord, har spelt fem kampar i 1. divisjon. Det har gjeve dei fire poeng, og dei er nest sist på tabellen.