Hopp til innhold

Har teke 70.000 bilete gjennom bussvindauge

I utgangspunktet har fotokunstnar Jens Hauge køyrt mykje buss fordi han ikkje er nokon god sjåfør. No har han brukt nettopp bussturane til å lage kunst for å få folk til å sjå på omgjevnadene sine med nye auge.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

FOTOKUNST: Sjå video med kunsten til Jens Hauge. Foto og redigering: Heidi Lise Bakke


– Eg har teke mykje kollektiv transport, og det skuldast i grunn at eg er ein dårleg sjåfør. Eg likar ikkje å køyre bil. I grunn er det berre flaks at det ikkje har gått verre. Eg har det med å sjå hit og dit når eg køyrer, og det er ikkje så lurt, seier Jens Hauge.

Kunstnaren frå Lærdal er kjend for å nytte nettopp landskapet som motiv i mange av fotoprosjekta sine.

På 1980-talet køyrde han og tre kunstkollegaer rundt i Norge og fotograferte, rett noko ikkje i fart, men dei fotograferte motiv som ikkje var motiv.

(Artikkelen held fram under biletet)

I svingen|

SER ANNLEIS UT: Ein må sjå godt for å skilne dei forskjellige motiva i biletet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Klarte ikkje sleppe tanken

Den gongen vart mottakinga blanda. Men tanken på å gjere noko meir på nettopp alt det i mellom, det som ein ikkje tenkjer på som eit opplagt fotomotiv, sleppte ikkje taket i Hauge.

Han funderte mykje på korleis han kunne fotografere landskapet slik at det ville bli interessant utover at det var eit fint bilete.

– Eg hugsar eg sat på bussen frå Bergen ein gong, og såg at det på glaset oppstod nye bilete heile tida. Refleksar frå det på utsida og på innsida, seier Hauge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lanskap

DET EIN IKKJE SER: Jens Hauge evnar å sjå det som mange av oss ser oss tunblinde på.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Har teke over 70.000 bilete

No har han gjort noko med det. Han er om lag halvveges i fotoprosjektet «gjennom.no», og har til no teke 70.000 bilete medan han har vore buss-passasjer.

Jens Hauge

SPENT: - Ein er alltid spent på korleis publikum tek i mot ei utstilling, seier Jens Hauge.

Foto: unknown

Motiva er det som stadig speglar seg i rutene på bussen, både av refleksar frå utsida og innsida.

– Det blei ein måte å sjå nye ting i det som var så kjent og vanleg. På ei bussrute oppstår det uendeleg med bilde berre på brøkdelen av eit sekund. Dei er heile tida i endring, og kanskje kjem aldri akkurat dét motivet att nokosinne, seier Hauge.

Han funderte på at dette er eit kvardagsland som vi alle reiser forbi utan å registrere.

– Men viss vi ser det på nye måtar blir det nye bilete der vi aldri trudde at det fanst bilete. Det blir ein slags puls på den kvardagen vi omgir oss med, men som vi ikkje ser, seier Hauge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Huset

NYTT BLIKK: Gjennom linsa til Jens Hauge ser mykje annleis ut.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Prøver å ta omsyn

Han har prøvd å ta førehandsreglar både for å ta omsyn til andre reisande, men også fordi han ønskjer optimale fototilhøve. Og då kan det vere greitt å ha tilgang til gode stader i bussen.

– Eit speglreflekskamera på høggir lagar litt støy, så eg prøver å finne tider der ikkje så mange andre passasjerer reiser, seier Hauge.

Han er også litt kresen på kva bussar han brukar.

– Det er stor forskjell på bussar i forhold til kor gode vindaugsflatene er å fotografere i, seier Hauge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå 1970 til i dag

Mellom 20. oktober og 24. februar er utstillinga Jens Hauge - Menneske og natur å sjå på Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Utstillinga tek for seg det meste av det Hauge har gjort sidan han tok sitt første fotografi for 42 år sidan og fram til i dag.

– Dei ferskaste bileta er berre 10-12 dagar gamle, seier Hauge.