Hopp til innhold

Har kontroll på skogbrannen - skal drive ettersløkking i natt

Brannvesenet held framleis på med ettersløkking etter skogbrannen ved Breimsfjellet.

Skogbrann

RØYKUTVIKLING: Øystein Skinlo er i nærleiken av området der det brenn og fortel om røyk som siv hurtig til vers.

Foto: Øystein Skinlo

SISTE: Klokka 21.45 melder Alarmsentralen at det framleis blir arbeidd med ettersløkking på staden. Eit nytt vaktlag vil i kveld ta over arbeidet som vil gå føre seg utover natta.

Politiet fekk melding om brannen klokka 14.24 og naudetatane rykte ut tilstanden.

15 brannmenn frå Gloppen og Byrkjelo hjelpte til med sløkkingsarbeidet i fjellsida over E39 ved Breimsfjelltunnelane. I tillegg bad Alarmsentralen om hjelp frå 20 mann frå sivilforsvaret.

– Rundt 12 personar frå brannvesenet jobbar framleis på staden, seier vaktleiar på Alarmsentralen, Jan Gunnar Holvik, kokka 16.30.

Kraftig røykutvikling

NRK sin reporter er like nedanfor området der det tidlegare brann. Han fortel at han framleis ser flammar og at det stig mykje røyk opp frå fjellsida, men at brannvesenet ser ut til å ha kontroll på situasjonen.

Politiet opplyste på Twitter at det var eit par mål som brann. Det skal ha vore kraftig røykutvikling på staden.

– Alt tilgjengeleg mannskap er i jobb. Vi har fått på plass slangar og er i gang med sløkkearbeidet, sa vaktleiar ved Alarmsentralen, Jan Gunnar Holvik, til NRK klokka 15.15.

Ifølgje vaktleiaren starta lyngbrannen om lag 300 meter ovanfor E39.

– Vi kjempar oss oppover i fjellet for å kome fram til brannen, men vi har ikkje oversikt over storleiken. No legg vi ut slange for å starte sløkking, opplyser vaktleiar ved Alarmsentralen, Jan Gunnar Holvik, like før klokka 15.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brannbil skogbrann

HAR KONTROLL: 15 brannmenn frå Gloppen og Byrkjelo har fått kontroll på skogbrannen ved Breimsfjellet.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Rolege vindforhold

Øystein Skinlo er i nærleiken av området og fortel om høge flammar.

– Røyken siv hurtig til vers og det ikkje ut som dei har kome i gang med sløkkingsarbeid, fortel han klokka 14.50.

Skinlo opplyste at det var eit felt på mellom 50 og 100 meter som stod i fyr og at flammane klatra oppover.

– Det er rolege vindforhold i området, og røyken driv lett i retning Sandane, seier han.

Skogbrann

DRIV VESTOVER: Det skal vere rolege vindforhold i området, men røyken driv i retning Sandane.

Foto: Øyvind Skinlo