Hopp til innhold

Har kontakt med kvinnene på fjellet

To kvinner i 50-åra har vore nøydde til å overnatte ved Baksafjellet i Aurland, etter å ha gått seg vill. Røde Kors frå Voss er på fjellet og leiter etter dei.

Kvinner fast i fjellet

Politiet veit kvar dei er, og mannskap frå Røde Kors er på fjellet for å hjelpe dei ned. Klokka 08.30 var hjelparane frå Røde Kors 700 meter unna posisjonen dei går etter, men grunna tåke var det vanskeleg å finne dei.

Dei prøver no å komme seg ned mot jernbana slik at dei kan komme seg mot Myrdal stasjon.

Dei to kvinnene har hatt kontakt med politiet og hjelpemannskapa, og seier dei skal vere på Baksafjellet, like sør for fylkesgrensa. Politiet seier at kvinnene framleis skal vere i god form.

Dei ringde sjølve politiet tysdag kveld og sa ifrå om at dei hadde fått problem.

– Dei visste ikkje heilt kvar dei var lenger, i forhold til den ruta dei hadde tenkt å gå. Det er bakgrunnen for at dei har bede om bistand for å komme seg ned att, as Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt tysdag morgon.

Mannskap frå Røde Kors reiste frå Voss og venta å finne dei to mellom 08.00 og 08.30. Grunna tåke tok det lenger tid enn venta for leitemannskapa å komme seg opp til dei. Det skal vere bratt og ulendt terreng i området.

Kvinnene skal vere godt utstyrt og ha tilstrekkeleg med kle og mat, seier politiet.