Hopp til innhold

Har ikkje råd til fleire tabbar

Høyanger toler ikkje fleire tabbar som kvikksølvutsleppa ved Eras. Det seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø.

Ingrid Heggø.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ho meiner kommunen må framstå som ein grøn industrikommune i framtida, og at utsleppa ved Eras er svært øydeleggjande for omdømmet.

- Slike tabbar må berre ordnast opp i - og det fort, seier ho.

Stenging og permittering

Måndag kveld er det folkemøte om utsleppa ved Eras. Dei umiddelberre konsekvensane av dei høge utsleppa ved fabrikken i Høyanger var stenging og permittering av 25 tilsette frå 13. februar - og opning att tidlegast 6. april.

Dei helsemessige konsekvensane er framleis uvisse - og Heggø fryktar også for omdømmet til Høyanger. For no som kommunen har fått ytterlegare 30 millionar til å etablere ny industri med - må det setjast inn på å dyrke fram miljøvenlege bedrifter, seier Heggø.

Grønt industrisamfunn

- For Høyanger er det veldig viktig å få til det vi kallar eit grønt industrisamfunn i framtida. Det går både på omdøme, og på tilskotsordningar som er mykje betre på det som er miljøvenleg produksjon.

- For etter finanskrisa har lagt seg, vil vi framleis ha eit klimaproblem. Og no har vi ein unik sjanse til å klare oss gjennom finanskrisa samstundes som vi gjer noko med klimaproblema våre, seier Heggø.

Og i det arbeidet passar høge utslepp av kvikksølv svært dårleg inn.

- Det er ein veldig dyrkjøpt tabbe, for vi gjer noko med omdømet.