NRK Meny

Har ikkje funne gjerningsmann

Politiet i Årdal har etterforska ferdig saka om ein 11 år gammal gut som fortalde at han var blitt forfølgt av ein mørkhuda mann og dytta inn i ein hekk. – Trass i grundig etterforsking, har vi ikkje funne nokon gjerningsmann, seier lensmann Magne Knudsen til Sogn Avis. Det er heller ikkje kome fram noko som peikar mot asylsøkjarmiljøet. Knudsen seier politiet i Årdal reknar det for trygt å senda borna sine til og frå skulen.

Magne Knudsen
Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.