Hopp til innhold

Har ikkje fått varsla Lotto-millionær

Ein mann og ei kvinne frå Sogn og Fjordane vann laurdag kveld 2,7 millionar kvar i Lotto. Mens kvinna frå Eid vart så paff at ho måtte setje seg ned, har Norsk Tipping søndag ettermiddag enno ikkje fått tak i den mannlege millionæren.

Ingeborg Myhre Ludlow

FEM VINNARAR: Programleiar Ingeborg Myhre Ludlow leia Lotto-sendinga laurdag. To av fem vinnarar er heimehøyrande i Sogn og Fjordane.

Foto: Sverre Houmb / Norsk Tipping

– Nei, dette kan ikkje vere sant? Eg trur eg må setje meg ned, eg! Eg har aldri vunne noko som helst, sa Nordfjord-kvinna då telefonen frå Hamar kom laurdag kveld.

Ho hadde sjølv ikkje sett Lotto-trekninga på NRK1.

Hadde vanskar for å tru

Ifølgje Norsk Tipping si nettside måtte eidaren overtydast fleire gonger om at ho faktisk hadde vunne drygt 2,7 millionar skattefrie kroner.

– Du verda. Eg trur eg drøymer! Dette er heilt ufatteleg, skal kvinna ha sagt.

Til saman fem personar, tre kvinner og to menn hadde sju rette i laurdagens runde av pengespelet. Norsk Tipping har i tillegg til kvinna frå Eid fått varsla ein mann frå Kristiansund og to kvinner i høvesvis Hammerfest og Fyresdal.

– Sjekk telefonen din!

Den siste millionæren, ein mann frå Sogn og Fjordane, har førebels ikkje svart på Norsk Tipping sine oppringingar.

– Bur du i dette fylket kan det med andre ord kanskje vere lurt å sjekke om du har ubesvarte oppkall, oppmodar spelselskapet på Hamar.

I 15-tida søndag har det framleis ikkje lykkast å få tak i den nybakte millionæren.

Vinnarrekka i veke 24 er tala: 3, 9, 12, 13, 21, 22 og 26.
Sju rette gir ein gevinst på 2,749.455 kroner.

Fire millionærar i juni

Medrekna vinnarane laurdag kveld, har ikkje mindre enn fire personar i Sogn og Fjordane stukke av med milliongevinstar i spel frå Norsk Tipping, så langt i juni.

3. juni vann Jan Haukereid frå Kyrkjebø i Høyanger 2,2 millionar kroner på Jokerspel. Same veke vart ei kvinne frå Sogn og Fjordane 4,6 millionar kroner rikare på Viking Lotto.