Hopp til innhold

Har identifisert død person - var sakna person etter forlis i Solund

Personen som vart funnen død på øya Oddane sør for Florø søndag, er identifisert som Egil Ytreøy (40) frå Solund. Han har vore sakna etter eit forlis i Solund 30. oktober 2013.

Kystvaktskip gjer søk etter to menn som er sakna etter at ein fritidsbåt gjekk på grunn i Solund

SØKTE: Kystvakta hadde to skip i området for å søkje etter den sakna båten i oktober.

Foto: Alf Vidar Snæland

Namnet vert frigjeve i samråd med familien, opplyser Sogn og Fjordane politidistrikt.

40-åringen og ein mann i 60-åra kontakta Hovudredningssentralen då båten deira tok inn store mengder vatn etter å ha grunnstøytt. Dei to var på veg frå Lågøyna til Ytre Sula då grunnstøytinga skjedde.

Leitte med store ressursar

Store mannskap vart raskt sett inni søket. I tillegg til mange frivillige var både redningshelikopter, to kystvaktskip, ei redningsskøyte i tillegg til fleire lokale båtar med i søket. Etter resultatlaus leiting, gav leitemannskapa 1. november opp å finne mennene i live.

Redningsskøyta Halfdan Grieg gjorde funn av vrakrestar i området aust for Værlandet, og leiteområdet vart innskrenka til området ved Geita fyr, aust for Værlandet.

Tre dagar etter forliset vart den eine av mennene, Endre Andreas Isaksen (63) funnen omkommen inntil land ved øya Ospa, nord i Solund.