NRK Meny
Normal

Redningsskøytene har hatt 300 fleire oppdrag

Så langt i år har redningsskøytene langs kysten hatt om lag 300 fleire oppdrag enn i fjor. Ti liv er så langt i år redda, like mange som i heile 2013.

Per Bergmann, skipsførar Halfdan Grieg

EIN KJEKK JOBB: Sjølv om sommaren gjerne byr på fleire oppdrag enn vinteren, er det ofte enkle og små oppdrag. Nokre er også av typen dei ler godt av i ettertid, fortel skipsførar på Halfdan Grieg, Per Bergmann.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Onsdag morgon ligg redningsskøyta Halfdan Grieg roleg til kai i Florø. Natta har vore stille, og morgonen på same viset, men slik er det ikkje alltid.

Frå januar til juni i fjor hadde Redningsselskapet 2887 oppdrag over heile landet. I same periode i år er talet kome opp i 3213, over 300 fleire oppdrag med andre ord.

Mykje lystbåttrafikk

På Halfdan Grieg har dei førebels ikkje bite seg særleg merke i auken.

– Vi har ikkje merka det så veldig endå, men fellesferien har nett begynt så vi kjem vel til å merke det i løpet av dei neste vekene, seier skipsførar på redningsskøyta, Per Bergmann.

Og sjølv om natta har vore roleg kan dagen by på mykje.

– Det er jo mykje lystbåttrafikk og då kan ein vente seg både det eine og det andre.

For det meste småjobbar

Han trur vêret er årsaka til auken i talet på oppdrag.

– Det er mykje finare vêr i år, og det er mykje meir folk på sjøen. Då blir det automatisk litt fleire ulukker.

(Artikkelen held fram under videoen)

Mannskapet om bord på redningsskøytene har travle tider. Så langt i år har Redningsselskapet hatt like mange livreddande oppdrag som i heile fjor. I sommar arrangerar dei sjøvettskular for barn, der sikkerhet står i høgsete.

AUKE I OPPDRAG: Redningsskøytene har fått meir å gjere i år samanlikna med i fjor.

Stort sett er det mykje småjobbar det går i. For medan redningsskøytene på vinteren har større og tyngre oppdrag, ofte med store båtar, er sommaroppdraga i stor grad konsentrert kring lystbåtane.

– No framover vil det bli mykje småjobbar med sleping av lystbåtflåten. I tillegg er det nokre fiskarar som av og til får garn i propellen. Då må vi slepe dei til rolegare farvatn, og dykke ned for å skjere laus propellen, fortel Bergmann.

Men også seglarane må ha litt hjelp av og til.

– Det hender seg at dei får motorstopp, og det er vel kanskje ikkje alle som er like flinke til å segle. Då må vi få slept dei til verkstad og få reparert motoren, flirer Bergmann.

– Mange rare oppdrag

Han tykkjer det er moro å jobbe på redningsskøyte på sommaren.

– Det er så mykje rare ting vi kjem bort i. Til dømes at folk ikkje kjem seg heim fordi dei har mista fjernkontrollen til ankervinsjen på sjøen, og slikt, seier han og ler.

Men sjølv om han ler no, klarar han å halde maska medan dei er på oppdrag.

– Vi er profesjonelle, så vi ler etterpå, seier ein lattermild skipsførar.

Ifølgje Bergmann er det mange enkle grep ein kan ta sjølv for å sleppe å be redningsskøytene om hjelp. Blant anna nemner han bruk av redningsvest, og sjølvsagt sunn fornuft.

– Du kan gjerne også seie frå kor du reiser, slik at du til dømes kan få kompisar til å kome og hjelpe deg dersom du har motorstopp. Du kan sjekke motoren din før du reiser frå land, og sjå at oljen er rett, og kanskje ha med ei ekstra viftereim og eit dieselfilter. Det er kjekt å ha med seg slik at du kanskje kan hjelpe deg sjølv litt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.