Hopp til innhold

Badefarsott har fått folk til å opne lommeboka for frivillege lag og organisasjonar

Fleire organisasjonar opplever at pengane strøymer inn på konto i desse dagar. Årsaka er at folk heller opnar lommeboka til dei og andre organisasjonar enn å kaste seg ut i iskaldt vatn.

Alfred Bjørlo hoppar på badetrenden

DONERER: Mange gjer som ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, og donerer pengar til veledige organisasjonar i tillegg til at dei hoppar på havet.

Foto: Privat

– Vi har hatt folk innom kontoret som vil gje frå seg pengar for å sleppe å bade. Folk på Facebook ber om kontonummer og mannskap på redningsskøytene blir kontakta av folk som lurer på kva dei skal gjere for å sleppe å bade, seier Martin Igland Malkenes i Redningsselskapet i Sogn og Fjordane.

Dei siste dagane har sosiale medium fløymt over av folk som kastar seg ut i iskald vatn, på oppmoding frå vener og kjende. Gjer dei ikkje det vankar det enten ein premie til den som utfordra, eller så må ein bla opp pengar til ei foreining eller ein organisasjon.

Kreftforeningen dobla gåvekontoen

Ein av organisasjonane som verkeleg har fått merke at folk helst ikkje vil ut i vatnet er Kreftforeningen.

– Tysdag hadde vi fått 400 000 kroner i gåver, i dag er det oppe i 800 000 kroner, fortel Geir Vangsnes i Kreftforeningen Vestlandet.

Alt dette er ekstraordinære gåver som har kome inn på SMS, han ser også at mange av innbetalingane som kjem inn elles er merka med "hopp i havet".

- Det er over 3000 innbetalingar og aktivitetar over heile landet som har kome inn. Vi opplever også at mange både hoppar og samstundes ynskjer å støtte Kreftforeningen sitt arbeid.

Varierande merksemd for foreiningane

Men sjølv om Redningsselskapet og Kreftforeningen har fått pengar inn på konto, så har ikkje Amnesty og Norsk Folkehjelp merka like stor pågang.

– Vi skulle gjerne sett store millionbeløp inn på konto, men vi har nok ikkje det. Til no har eg vel sett tre personar som har gjeve pengar til oss på Facebook, seier Ivar Christensen, presserådgjevar i Norsk Folkehjelp.

Martin Malkenes

TAKKNEMLEG: Martin Malkenes i Redningsselskapet er glad for at folk som ikkje vil bade vel å støtte deira arbeid.

Foto: Privat

Røde Kors fekk 25 000 kroner til arbeidet i Syria i helga, og det har kome 20 000 kroner dei to siste dagane. Om det er resultat av oppmodingar i sosiale medium er uklart.

– Det er godt mogleg, men vi veit ikkje i kor stor grad. Her lokalt har vi ikkje sett at det har kome pengar til konkrete lokale prosjekt, fortel Henning Hellebust i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Ber folk vere forsiktige

Både Redningsselskapet og Kreftforeininga er særs takknemlege for at folk ynskjer å støtte dei. I Redningsselskapet har det også blitt intern konkurranse for mannskapet på skøytene langs kysten, og dei utfordrar kvarandre i tur og orden.

Så langt har det via den interne stafetten og oppmodingar frå slekt og vener kome inn 5000 kroner på selskapet sin konto det siste døgnet. Likevel er badefarsotten eit tviegga sverd for selskapet.

– Det er flott at folk brukar sjøen og dei muligheitene det gjer. Eit bad er oppkvikkande, faktisk så oppkvikkande at vi oppmodar om at folk har andre personar i nærleiken når dei badar. Det er svinekaldt i vatnet, og ein må vite kva ein gjer, seier Malkenes.