Hopp til innhold

Har halvert talet på korridorpasientar

Ein ny utgreiingspost ved Førde sentralsjukehus har ført til at talet på korridorpasientar er meir enn halvert.

Har fått færre korridorpasientar

NØGDE: F.v. gastrooverlege Torgeir Finjord, seksjonsleiar Inghild Espeland Mowatt, lungeoverlege Rune Tilseth, sekretær Inger Sunde på medisin og koordinator/sjukepleiar Ingebjørg Ølnes Kapstad (rekna frå venstre), er nokre av dei som har vore med i arbeidet med å få i stand samarbeidet om den nye utgreiingsposten.

Foto: Helse Førde

– Vi har vore rundt og spurt andre leiarar på andre avdelingar for å sjå om dei har moglegheit til å ta over nokon av pasientane våre, seier seksjonsleiar Inghild Espeland Mowatt.

Utgreiingsposten vart starta som eit tiltak for å hindre korridorpasientar på medisinsk sengepost. No syner tal frå dei første fire månadane i år at tiltaket har fungert. I perioden januar-april i fjor låg 51 pasientar på korridor, medan det i same periode i år låg 19 pasientar.

Har sett etter ledig kapasitet

Indremedisinske utgreiingspasientar vert no anten lagde inn på pasienthotellet, kirurgen eller avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering.

– Dette er dei sengepostane som i snitt har lågare belegg enn medisinsk sengepost, seier Mowatt.

– Er dette ei løysing som også kan overførast til andre avdelingar på sjukehuset?

– Eg vil tru dette kan vere overførbart, men om det vil bli gjort, kan ikkje eg svare på, seier Mowatt.

Ho er ikkje overraska over at grepa førte til ein nedgang i korridorpasientar.

– Vi veit at denne gruppa med pasientar kjem inn til oss, og dei utgjer ei stor gruppe. Når dei får vere andre stadar, så er det klart at talet her oppe vil gå ned, seier Mowatt.

Klar ansvarsfordeling

Det er pleiepersonalet på den aktuelle sengeposten som har det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane, medan det medisinske ansvaret ligg hjå medisinsk overlege for det aktuelle fagfeltet.

Ei undersøking blant brukarane syner at desse er godt nøgde.

– Samarbeidet mellom medisinsk sengepost, pasienthotell, kirurgen og avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering har vore godt, seier Mowatt.