Hopp til innhold

Har gipsa 400 beinbrot i februar

Berre i februar gipsa legane på Sentralsjukehuset i Førde nesten 400 beinbrot. No håpar sjukehuset at toppen er nådd.

Glatte vegar og avdelingssjef ved ortopedisk avdeling på FSS, Lasse Lesto

HEKTISK MÅNAD: Avdelingssjef ved ortopedisk avdeling på Førde sentralsjukehus, Lasse Lesto, fortel om ein hektisk februar månad.

Foto: Montasje: Tor Andre Johannessen/Trond Espen Bjoland

Du har heilt sikkert merka det du og, at beina dine nesten går i kryss under deg når du skal ta deg fram på glatte vegar og fortau? Og for mange har det gått skikkeleg gale.

Den siste månaden har det kome inn fleire hundre personar med brotne armar og bein. Avdelingssjef Lasse Lesto på ortopedisk avdeling fortel om nokre hektiske veker.

– Det har vore ein ekstra pågang dei siste vekene. Vi ser at det har vore ein del armbrot, både i overarm og underarm, og i legger og i anklar. Det er det som går att, seier legen.

Blir nedringt av folk om glatte vegar

Etter ein lang kuldeperiode slo vêret om denne veka. Med eit lag med snø og is under kom nedbøren som regn og vaska mange stader vekk det som var av sand og grus.

Mange meiner det var meir enn glatt nok frå før, men med mildvêret var det endå farlegare å ta seg fram ute. Det merka dei også som jobbar på sentralbordet i Førde kommune. Sekretær Audhild Oli Helgås fortel at telefonen knapt står stille.

– Folk vil melde frå om at det er veldig glatt, og vil at vi skal få melding slik at våre folk kan gjere jobben med å strø, seier Helgås.

– Vi må ta det etter tur

Når telefonen ringer sender Helgås beskjeden vidare til brøytemannskapa.

– Eg sender ut melding på SMS og så tek dei det etter kvart som det kjem inn meldingar.

Og det blir mange meldingar i løpet av ein dag. Heldigvis er ikkje dei som ringer sinte og sure. Helgås gir ros for at innbyggjarane er tålmodige..

– Folk er forståingsfulle, dei veit at vi må ta det etter tur, seier sekretæren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Illustrasjonsfoto (scanpix)

MANGE: Nesten 400 beinbrot har blitt gipsa på sjukehuset i Førde berre i februar. (Illustrasjonsbilete).

Foto: Berit Keilen / Scanpix

– Folk ramlar hardt

Men sjølv om brøytemannskap og kommunetilsette fylket rundt strør og sandar etter alle kunstens reglar er det ikkje godt nok. At det er mange glatte fortau, parkeringsplassar og tunplassar merkar dei godt på ortopedisk avdeling på sentralsjukehuset i Førde.

Berre i februar har dei fått inn nesten 400 beinbrot, inkludert alle årsaker. Til samanlikning var det 304 beinbrot i november.

Lasse Lesto som er avdelingsleiar seier det ofte er lite som skal til før dei går med ein arm eller eit bein.

– Det er mange som ramlar på isen. Det er ein snøfattig vinter og folk landar hardt når dei først ramlar.

– Ofte er det fall frå eiga høgd på glatta, at beina sklir under der og så landar dei forkjært. Eller dei tek seg for med armane, seier legen.

Oppmodar folk til å bruke broddar

Etter at vêret slo om frå kulde til mildvêr onsdag kveld skulle ein tru at torsdag kunne bli ein spesielt hektisk dag for legane. Men det vart det ikkje.

– Overraskande nok så har det ikkje vore ekstra pågang i dag. Vi trur det er det at det er så openbart glatt at folk er ekstra forsiktige, seier Lesto.

Lesto skulle helst sett at dei fekk inn langt færre beinbrot. Og det er ting folk kan gjere for å unngå å bli ein del av statistikken på avdelinga hans.

– Først og fremst må folk ta omsyn når dei er ute å går. Dei må sjå kor det er strødd og vi oppmodar alle til å bruke broddar, då kan dei unngå å ramle, er den klare oppmodinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brodder

BILLIG FORSIKRING: Bruk broddar er oppmodinga frå avdelingsjefen ved ortopedisk avdeling på sentralsjukehuset.

Foto: Espen Bierud / NRK

Trur toppen er nådd

Og nokon tek glattisen på alvor. Ei av dei er Ingunn Ramstad.

– Eg fekk beskjed om å ta på meg broddar før eg gjekk ut døra, så det har berga meg, ler ho.

– Utan broddar hadde eg hatt problem med å halde meg på beina.

Enno kan det gå ei stund før snøen og isen slepp taket. Lesto håpar uansett at toppen er nok.

– Eg trur nok vi har nådd toppen så langt i vinter. Den var i vinterferien, då var det kombinasjonen av glatta og dei som fekk beinbrot på ski.