Hopp til innhold

Har funne vikingsverd i Sogndal

Langt oppe i ein dal i Sogndal kommune har arkeologar gjort eit heilt spesielt funn. Utgravingar tyder på at det har levd finfolk i Øvstedalen.

Vikingsverd i Øvstedalen

GAMALT: Vikingsverdet i Øvstedalen stammar frå kring 800 år etter vår tidsrekning.

Foto: Sogn og fjordane fylkeskommune

– På garden Vatlestad i Øvstedalen fann vi eit einegga sverd som er av ein type som vi normalt sett plasserer rundt 800 år etter vår tidsrekning. Det fortel Glen Heine Orkelbog som er rådgjevar for kulturminnevern i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Var det vanleg å gå med den type sverd i vikingtida?

– Ikkje for vanlege folk, men for dei øvste laga av samfunnet har det vore det. For frittståande bønder og rikfolk har det vore eit statussymbol å gå med sverd, forklarer Orkelbog.

Og han kan sei heilt sikkert at det ikkje er ein slaktekniv eller ein kjøkkenreiskap det her er tale om.

– Vi kan ikkje vite om sverdet har vore brukt nokon gong, men vi veit at dette er eit våpen. Det skal brukast i krig, eller i sjølvforsvar.

Til saman har dei gjort tre funn i området rundt Øvstedalen, som alle tyder på det har vore levd eit rikt liv i sognebygda.

– Vi har også funne ein veldig spesiell bygning. Det er ein rund bygning på om lag tre gonger tre meter, som vi trur anten kan vere ein slags driftsbygning, eller ein form for gravmarkering.

Utgravingar i Øvstedalen

FLEIRE UTGRAVINGAR: Denne illustrasjonen frå fylkeskommunen syner nokre av funne som arkeologar frå fylkeskommunen har gjort i Øvstedalen i Sogndal.

Foto: Glenn Heine Orkelbog

Vart oppdaga då dei bygde kraftlinje

Utgravingane i Øvstedalen har haldt på i nokre år allereie, og det vart for første gong oppdaga kulturminne der under arbeidet med kraftlinja ifrå Fardal til Ørskog.

– Vi trur at det har levd folk i Øvstedalen frå fleire hundre år før vår tidsrekning. Dei eldste bygningane vi har funne tyder på at vi i alle fall har hatt folk der frå 500 år f.kr, seier Orkelbog.

Universitetet skal halde fram

Utgravingane i Øvstedalen er ikkje ferdige, og Orkelbog fortel at det vil bli gjort fleire undersøkingar i tida framover.

– No er det Universitetet i Bergen som tek over, og skal gjere utgravingar og undersøkingar i området.