NRK Meny

Har funne tre langhus i Luster

Arkeologar har funne tydelege spor etter minst 3000 år gamal busetnad på høgdegarden Berge i Fortun, det skriv Sogn Avis. Det er søknaden om kraftutbygging av elva like ved som er bakgrunnen for utgravingane i Luster. Leif Inge Åstveit ved Fornminneseksjonen på Universitetet i Bergen, seier funna er veldig interessante. Han legg til at det er sjeldan dei har slike utgravingar i høgareliggande bygder.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.