Hopp til innhold

Sakna mann stadfesta omkomen

55 år gamle Geir Inge Hilde, som vart meld sakna torsdag kveld, vart funnen omkomen i ei fjellside i Førde fredag.

Leiteaksjon Førde

HENTA NED: Luftambulansen henta ut den omkomne frå gjelet nedanfor stien til Hjellestølen i Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Det stadfestar operasjonsleiar hjå politiet, Kjetil Drange, klokka 21.20 fredag kveld.

55-åringen var ute på tur med hunden sin då han forsvann torsdag kveld.

Leiteaksjonen har vore konsentrert rundt området Hjellestølen/Førdsnipa, og den omkomne vart funnen i svært bratt og ulendt terreng mellom Hjellestølen og Hjelle.

Funnen under stup på 30 meter

– Vi kan stadfeste at personen vi fann i fjellsida er omkomen, sa Magne Faleide ved Førde- og Naustdal lensmannskontor klokka 17.15.

Allereie då sa Faleide at det var all grunn til å tru at den omkomne var den sakna 55-åringen, fordi hunden hans var på funnstaden.

Den omkomne er henta ut, og er sendt med helikopter til Bergen for obduksjon for å få stadfesta dødsårsaka. Poltiet har også gjort tekniske undersøkingar på funnstaden.

Ifølgje Firda vart den omkomne funnen i botnen av eit gjeld under eit 30 meter høgt sup, nær ein sti oppover mot Hjellestølen.

Laurdag fortel politiet at hunden var i live, og at han sat ved sidan av eigaren. Då hunden var frakta ned, vart den overlaten til familien til den omkomne. Den hadde ein god del skader, ifølgje politiet, som ikkje veit om hunden framleis er i live.

Store styrker har leita etter ein 55 år gamal mann som vart meldt sakna.

STORE MANNSKAP: Både frivillige og profesjonelle har delteke i leitinga etter den sakna mannen. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke

Vanskeleg terreng

Politiet stadfesta klokka 15.15 at dei hadde gjort eit funn i den omfattande leiteaksjonen.

Redningsmannskapa måtte bruke både helikopter og klatreutstyr i arbeidet med å hente ut den omkomne, på grunn av bratt og ulendt terreng.

Mellom 100 og 150 personar har vore med i leitinga. Eit stort tal av dei involverte i leiteaksjonen var frivillige.

Leiteaksjon mot Førdsnipa

VANSKELEG TERRENG: Opp mot 150 personar, mange frivillige, har delteke i søket på bakken.

Foto: Alf Vidar Snæland