NRK Meny

Har funne DNA etter museumsinnbrot

Politiet har funne DNA frå to personar etter innbrotet i Universitetsmuseet i Bergen, skriv BT. Profilane vert send vidare til Kripos. – Sjølv om vi har ein klar DNA-profil, er det ikkje sikkert den stammar frå tjuvane, seier etterforskingsleiar Anita Dahl til avisa. Innbrotstjuvane stakk av med opp mot 400 vikingskattar. Fleire av vikingskattane stammar frå Sogn og Fjordane.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen