Hopp til innhold

Har frigitt namnet etter dødsulukke

Det var Knut Birger Gustavsen som mista livet i utforkøyringa på riksveg 15 ved Billingen i Skjåk natt til torsdag.

Trafikkulykke Billingen

OMKOM: Føraren av semitraileren mista livet etter at køyretøyet hamna utfor vegen på riksveg 15.

Foto: LOM OG SKJÅK BRANNVESEN

Mannen i 50-åra var førar av ein semitrailer som køyrde av vegen natt til torsdag. I bilen var også ei ung jente. Ho vart frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus, men Helse Førde melde i går at jenta var uskadd.

Operasjonssentralen ved politiet i Innlandet har fredag føremiddag frigitt namnet på den omkomne i samråd med pårørande.

Det var Knut Birger Gustavsen som mista livet i ulukka. Han var busett i Nordfjord.

Straffesaksansvarleg Tor Trønnes ved Lom lensmannskontor seier både politiet og Statens vegvesen si ulukkesanalysegruppe har gjort undersøkingar på staden. Fartskrivaren i køyretøyet vart øydelagt i samanstøyten. Saka er under etterforsking.

Semitraileren var på veg vestover då den trefte med førarhytta inn i eit stort tre på venstre side av vegen. Begge dei to i bilen har blitt kasta ut av førarhuset. Ein bilist som kom til staden rundt klokka 03 fekk varsla naudetatane.

Det var ingen andre køyretøy involvert i ulukka. Ifølgje politiet var det ingen vitne til hendinga.