Hopp til innhold

Har fått tips om at Elvis er sett i Førde

Etter at NRK skreiv om leonbergeren Elvis, som stakk av frå eit hundehotell i Øvre Årdal for halvannan månad sidan, fekk eigar Steinar Bolme seint i går tips om at nokon har sett han i Førde.

Elvis

LEONBERGER: Elvis er ein stor hund på 65 kilo.

Foto: Steinar Bolme

– Eg vart oppringd seint i går kveld av ein kar som kjenner seg sikker på at han såg Elvis ved brua på Sunde, like utanfor Førde, seier Bolme.

Han vel å ta tipset seriøst, sjølv om det mest ikkje er til å tru at hunden skal ha flytta seg frå Øvre Årdal til Førde på eiga hand.

– Nei, det har eg ikkje tru på. Men han kan sjølvsagt ha vorte plukka opp av nokon. Det er slikt som har skjedd før. Elvis kan heilt fint ha vorte med nokon, dersom dei til dømes har lokka han med mat. Vi utelukkar ingenting, men vil så gjerne ha att hunden vår, seier Bolme.

Ber folk halde auga opne

Det er i dag nøyaktig halvannan månad sidan den store hunden forsvann. Bolme klamrar seg til håpet om at Elvis no tuslar rundt i nærleiken av Førde.

– Han som såg hunden, var rimeleg sikker etter å ha sett nøyare på bilete av Elvis, seier Bolme.

DDå NRK kontaktar Bolme laurdag ettermiddag har han vore i Førde for å leite etter Elvis, utan hell.

– Det ser ut til at det var falsk alarm, og at det kanskje kan ha vore ein vær han har sett som har gått på det same området.

Elvis er ein hund som er relativt synleg i landskapet. Med sine 64 kilo forsvinn han ikkje lett i terrenget.

– Mitt håp er at folk held auga oppe. Ser du Elvis så ta kontakt på telefon 970 10 738, ber Bolme.

Har fått tips frå fleire

Elvis rømde frå hundehotellet i Fardalen i Øvre Årdal for halvannan månad sidan. Etter å ha posta bilete av hunden på Facebook, har Bolme fått tips frå fleire som meiner å ha sett hunden.

Operasjonsleiar ved Vest politidistrikt Sogn og Fjordane, Olaug Holme, har ikkje fått nokon melding det siste døgnet om observasjonar av ein laus hund i Førde-området som passar beskrivelsen av Elvis.