Har fått tilbod frå Sogndal
Strømmen-spelar Martin Ramsland skal ha fått eit tilbod frå Sogndal, det skriv Fedrelandsvennen. 22-åringen har scora 12 mål for 1. divisjonslaget denne sesongen. Ramsland seier til avisa at det sportslege tilbodet frå saftbygda skal vere «ganske bra». Han har førebels ikkje bestemt seg. Sogndal-trenar Eirik Bakke sa i helga at han vil bruke tid på å leggje spelarkabalen.