Alle bileta som blir sende inn blir viste på nettsida vår, og vinnaren får ein DAB-radio. Og sjølv om det er fine fargar i fjellet så treng det slett ikkje vere berre naturmotiv. Har du bilete av ein haustferieaktivitet, så send det gjerne inn.
Du sender bileta til sffoto@nrk.no og merker dei haustferiefoto. Send gjerne fleire bilete. Fristen er 1. november.
Send store bilete
Vi ønskjer bileta tilsendt via e-post. Pass på å sende med informasjon om kvar biletet er teke/kva motivet syner, og kven som er fotograf.
Vi vil òg gjerne ha andre opplysningar om biletet – særleg viss det knyter seg ei spesiell historie til det.
Bileta blir presenterte på nettet med ei breidde på 650 biletpunkt (16:9-format), og må ikkje vere mindre enn dette. Bileta vil vi helst ha i originalstorleik.
Vi ønskjer bileta tilsendt i jpg- eller tif-format. Vi ser helst at du sjølv tek deg av eventuell bearbeiding av bileta.
Ved å sende bilete, gir du oss løyve til å nytte dei på nettsidene til NRK. Bileta som blir brukte, blir lagde ut saman med namnet til fotografen. NRK skal ikkje selje bileta vidare.