Hopp til innhold

FFO i Sogn og Fjordane sett under administrasjon

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon i Sogn og Fjordane har blitt sett under administrasjon, og styret er avsett av organisasjonen sentralt. Bakgrunnen er påstandar om tilhøva i fylkeslaget.

Rullestol i farta

FFO: FFO er paraplyorganisasjon for 335 000 medlemmar.

Foto: Scanstockphoto

Det er uvanleg kost at eit fylkeslag for ein stor interesseorganisasjon blir sett under administrasjon.

FFO er ein paraplyorganisasjon for organisasjonar av funksjonshemma og kronisk sjuke. Dei 80 medlemsorganisasjonane har nasjonalt 335 000 medlemmar.

Fylkesstyret i Sogn og Fjordane med Gerd Bjørkedal som styreleiar har no blitt sett til sides av organisasjonen sentralt.

Leiar i FFO sitt hovudstyre nasjonalt John Berg-Jensen seier dei gjorde vedtaket onsdag.

– Det er kome opplysningar som for oss skildrar ein krevjande situasjon i FFO Sogn og Fjordane. Dette har ført til at FFO sitt hovudstyre har sett fylkesstyre under administrasjon, for å få innsikt og kontroll på den administrative og økonomiske situasjonen.

- Det er vondt

Leiar i fylkesstyret, Gerd Bjørkedal, ynskjer ikkje å kommentere saka, men gir klart uttrykk for at den er vanskeg.

– Eg kan ikkje kommentere saka, utover at dette er ei vond sak.

Styreleiar i FFO John Berg-Jensen vil ikkje seie kva opplysningar som har fått dei til å avsetje styret.

– Det er ikkje teke stilling til kva som er rett eller gale i dei opplysningane som er komne til oss, men det vil vi arbeide videre med.

Kva slags opplysningar snakkar vi om?

– Dette er opplysningar som er komne oss i hende ganske nyleg. Dette vedtaket vart gjort onsdag og opplysningane vi har er ikkje blitt gått i gjennom i stor grad, eller blitt verifisert, så då finn eg det ikkje naturleg å kommentere noko vidare.

Er det snakk om kriminalitet?

– Vi har ikkje fått opplysningar som vi kan stadfeste som inneheld kriminelle tilhøve.

Når de ikkje er sikre på om opplysningane stemmer, er det ikkje då eit drastisk steg å avsette styret?

– Hovudstyret har lagt til grunn den informasjonen og dei meldingane og førespurnadane vi har fått i denne saka og har samla sett funne ut at det var rett å gjere det tiltaket som vi har gjort.

Har det avsette styret fått høve til å kommentere desse opplysningane?

– FFO nasjonalt har bedt fylkesstyret om å gjere greie for saka og det har vi fått fra styret tidlegare. Vi fann ut at den beste løysinga var å gjere vedtaket vi har gjort, for å få utgreia saka og bistå organisasjonane på best mogleg måte.

Eit medlem har framleis tillit

Av fylkesstyret som no er blitt avskilta har eitt medlem, nestleiar Carl Thorodd Cock, fått lov å vere med i det nye settestyret som skal fungere fram til ekstraordinært årsmøte. Men til NRK nektar Cock å kommentere kvifor han er med vidare, medan andre er avskilta.

Andre styremedlemmer NRK har snakka med seier dei ikkje veit kvifor dei er avsette.

Ekstraordinært årsmøte

I eit brev som er gått til styret ved leiar, valkomiteen og medlemsorganisasjonane i FFO Sogn og Fjordane skriv hovudstyret at dei har fullmakt til å sette eit fylkesstyre under administrasjon om særskilde tilhøve krev dette. Ein kan også overprøve vedtak og avsette fylkesstyret og innkalle til nytt årsmøte.

Eit settestyre skal ha tilgang til kontoret i Førde frå og med i går, og dagleg drift skal oppretthaldast. Alle fullmaktene til styret og styreleiaren i FFO Sogn og Fjordane er blitt inndregne.

Vil ikkje kommentere

Dagleg leiar i FFO Sogn og Fjordane har vore sjukmelden, og vikaren gjekk nyleg over i ny jobb og vil ikkje kommentere saka.

John Berg-Jensen meiner medlemmane ikkje skal merke den dramatiske situasjonen nemneverdig på¨tilbodet dei får.

– Ut frå situasjonen og nyleg fatta vedtak, vil eg ikkje kommentere saka ytterlegare no. Dette også av personlege omsyn i saka. FFO kjem tilbake med informasjon i saka når vi har betre oversikt.

Kva om det ikkje er hald i påstandane som de no skal granske?

– Vi har avsett eit styre, men ikkje organisasjonane som er medlemmar. Vi har ikkje mistillit til nokon av organisasjonane som er ein del av FFO. Vi har teke stilling til situasjonen som er skildra, så har vi gjort eit vedtak for å kome inn i situasjonen. Det gjer vi for å trygge organisasjonane, og deira arbeide. Det er det viktigaste for oss.