Hopp til innhold

«Vi må ta vare på flyten frå før ferien»

Sogndal hadde aldri vunne i Stavanger. For å kunne nå cupfinalen måtte dei difor gjere noko historisk mot Viking fredag kveld.

Ulrik Flo

PÅ TIDE: Ulrik Flo meiner det er på tide å snu trenden: Sogndal har aldri vunne i Stavanger.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det skjedde ikkje. Sogndal tapte heile 4-1. Etter å ha vore 2-0 under, skapte Azar Karadas eit visst håp med sitt mål 20 minutt før slutt. Men to mål mot slutten av kampen vann Viking komfortabelt.

NRK kjem tilbake med meir om kampen seinare.

Ei tøff oppgåve

Tapet skjedde utan Ulrik Flo på bana, som i staden er heime og hjelper til med Sogndal Cup.

– Her er mange nye talent på cupen i år. Eg unner alle ungane denne opplevinga. Det var noko av det kjekkaste eg visste då eg var ung; det er spenning, det er engasjement, og det betyr mykje for ungane.

Medan Ulrik Flo strevar med å registrere kampar, ta i mot og levere dommarkort, og halde styr og orden cupen i heimbygda, er det eit heilt anna slit som ventar lagkameratane fredag kveld:

Bortekamp i cupen mot Viking. Sigeren heime mot Viking i august 2013 var den første mot Stavanger-laget på 19 år. Og Sogndal har aldri vunne borte mot Viking. Skal draumen om Ullevål verte røyndom, må laget gjere noko historisk. Og det må dei freiste å få til utan Flo.

– Eg fekk ein strekk i førre kamp mot Vålerenga. Eg skaut rett og slett so hardt at eg skaut av meg halve låret. Eg er nok ikkje klar før om eit par veker.

Med seg på vegen til Stavanger fekk lagkameratane følgjande råd frå Ulrik Flo.

– Ta vare på flyten vi var inne i før ferien. Ta med den vidare utover hausten. Viking er eit lag som passar oss dårleg, men det er på tide å snu den dårlege trenden i Stavanger.

– Og så ynskte eg dei sjølvsagt lukke til, seier Flo

Om flyten held fram og Sogndal kan snu trenden kan du finne ut ved å følgje kampen live på radio i P1 frå klokka 18.30.

Du kan også følgje kampen live i vindauge under:

Laster innhold, vennligst vent..