Hopp til innhold

Håpet ute for Eid etter nytt tap

Eid-trenar Frode Nord vil ikkje tru på julenissen og trur dessverre at løpet er køyrt i forhold til å halde på plassen i 3. divisjon. Laurdag gjekk laget på eit nytt tap då Stryn vann 3–2.

Eid-trenar Frode Nord

VIL IKKJE TRU PÅ JULENISSEN: Eid-trenar Frode Nord seier løpet er køyrt for Eid i 3. divisjon.

Foto: Stig Høynes

– Det er ikkje ufortent at Stryn vinn kampen totalt sett, men kampen var ganske jamn ein periode, seier Nord.

Han og Eid-spelarane har mange gonger denne sesongen måtte sjå at det er motstandarlaga som trekk dei lengste stråa. Nord seier det mange gonger har vore nære, men at det rett og slett ikkje er godt nok.

Etter nok eit tap laurdag ligg laget heilt nedst på tabellen, med berre 7 poeng på 20 kampar. Det betyr at det nærast skal skje eit mirakel om laget skal halde plassen i divisjonen.

– Løpet er nok køyrt, seier Nord til NRK.no etter kampen.

I den andre enden av tabellen er det klart at Førde etter alle solemerke speler i 2. divisjon neste sesong.

Vertane frå Stryn vart for sterke

Det var vertane i Stryn om kom best ut og som allereie etter 14 minutt putta inn det første målet, ifølgje Firda.no si liveoppdatering. Like før pause blir Stryn ein mann mindre, men likevel er det heimelaget som plussar på til 2–0 nokre minutt ut i andre omgang.

Deretter kjem Eid litt meir med i kampen og på berre nokre minutt dunkar Torbjørn Aabrekk inn to mål for gjestane.

Men mot slutten av kampen er det igjen Stryn som tek føringa og kort tid før full tid skårar Stryn igjen og resultatet blir 3–2 til Stryn. For Eid betyr det at dei må reise heim utan poeng, igjen. Mangelen på poeng er no så prekær at laget ganske sikkert må spele i ein lågare divisjon neste år.

– Er det ikkje liv laga for eit Eid-lag i 3. divisjon?

– Ikkje slik det ser ut no med spelarsituasjonen og treningssituasjonen, seier trenar Frode Nord og seier dei slit med at dei har for få spelarar.

Dette betyr at laget må hente heim mange spelarar berre til kamp, men at spelargruppa får trent svært lite saman på førehand.

-Men vi har spelt ein del jamne kampar i haust, der vi like godt kunne ha vunne, seier Nord som vel å ikkje sjå heilsvart på det som skjer.

(Artikkelen held fram under biletet)

Karl Erik Aarsheim (Stryn) i duell med Torbjørn Aabrekk (Eid i gult)

NYTTA IKKJE: Torbjørn Aabrekk i gult skåra to mål på rappen for Eid, men det var ikkje nok. Her er han i duell med Karl Erik Aarsheim frå vertslaget Stryn.

Skal likevel kjempe om poenga

Med seks kampar att av sesongen er det uansett mykje som skal til for at Eid skal kunne klare å sikre seg ein plass i 3. divisjon. Laget reiser likevel på kamp med det målet å kjempe om kvart einaste poeng.

– Eg håpar vi kan få oss nokre positive opplevingar mot slutten av sesongen.

– Vi kan få betydning for kampen om nedrykk for andre lag og det har også litt med inngangen til neste sesong, seier Nord.

Eid-trenaren gir seg uansett etter sesongen og seier dette ikkje har noko med dei sportslege prestasjonane å gjere. At han skulle trene laget for berre ein sesong var noko som var bestemt frå starten av.

Nord håpar ein kan halde fram det gode arbeidet med spelarutvikling og at det om nokre år frå no kanskje blir eit Eid-lag i 3. divisjon igjen.

Andre resultat frå 3. divisjon avd. 08:

  • Øystese – Voss: 5–1
  • Radøy/Manger – Bergen Nord: 1–2
  • Tornado Måløy – Saga: 1–2
  • Vik – Årdal FK: 2–1
  • Førde – Florø SK: 3–1
Stryn etter skåring av Frode Hool Egge

KUNNE JUBLE: Stryn jublar etter at Frode Hool Egge gav Stryn leiinga 2–0 knappe 10 minutt ut i 2. omgang.

Foto: Stig Høynes