Hopp til innhold

Her sikrar Førde opprykket

Sjølv den mest pessimistiske sunnfjording kan legge vekk tvilen. Det er så godt som garantert at Førde spelar 2. divisjonsfotball neste år.

Kristian Fardal Opseth lagar 3-0 for Førde mot Florø.

FRISPARKPERLE: Kristian Fardal Opseth dundra inn sitt 30. mål for sesongen.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Ja, no er det mykje som skal gå feil om dette skal skjære seg. Vi har 13 poengs forsprang og 18 poeng att å spele om. Det burde vere nok, seier Førde-trenar Knut Erik Folland, i det han og spelarane var på veg av bana etter kampen mot Florø.

Sluttresultatet 3–1 gav eit rettferdig bilde av kampen, sjølv om eit skadeplaga Florø hadde sine gode periodar.

– Vi gav frå oss presset i slutten av 2. omgang, og slik kan vi ikkje halde på, seier Folland.

Hadde 10 poengs forsprang

Florø, som låg før denne kampen låg på 2. plass på tabellen, 10 poeng bak Førde, kom raskt bakpå i nabooppgjeret. Kristian Fardal Opseth vart dregen i trøya inne i straffefeltet, og allereie seks minuttar ut i kampen peikte dommar Jonny Skjerven på straffemerket.

Christoffer Hafsås sette sikkert straffa i mål, og då Alexander Ødegaard sette inn 2–0 etter 25 minuttar, kunne det virke avgjort. Heimelaget hadde dominert fullstendig så langt i kampen, men i det som stod att av 1. omgang var det Florø som styrte showet.

Terje Rognsø og Knut Erik Folland

HÅPET BRAST: Florø-trenar Terje Rognsø måtte sjå det vetle opprykkshåpet han hadde att forsvinne.

Florø reduserte

Etter 35 minuttar fekk dei utteljing då eit langskot frå Aksel Bauge smatt inn bak Vegard Skjeldestad i Førde-målet. Ytterlegare to gonger vart ballen rydda vekk frå Førde-streken før pause, men stillinga heldt seg på 2–1.

2. omgang langt mindre handlingsmetta. Førde tok tilbake kontrollen, og anført av innbytar Thor Jørgen Spurkeland dominerte dei utan å skape dei store sjansane.
Kampen vart avgjort etter 63 minuttar då Førde fekk fripark frå om lag 25 meter.

Venta på Ødegaard

Medan Florø-keeper Tommy Løkkebø tilsynelatande stod og venta på at Alexander Ødegaard skulle skyte med høgre, dundra Kristian Fardal Opseth til med venstre og stod for kveldens store prestasjon på Førde Stadion.

– Eg let berre att auga og delja til alt eg kunne, gliste ein nøgd Opseth, etter å ha sett inn sitt 30. mål for sesongen.

Første sidan sjukdomen

At det 30. målet han skulle koma på frispark varma ekstra. Det har han ikkje klart sidan han vart alvorleg sjuk med leddgikt, og måtte halde seg vekke frå fotballen i fleire år.

– Det har ikkje stått på mangel av forsøk, for å seie det slik. Eg skåra mykje på frispark før i tida, men har ikkje fått det til etter at eg vart frisk, seier Opseth, som framleis har ein del å gå på to år etter at han begynte å spele fotball att.

– Kondisjonen er langt frå der den bør vere, men eg må berre spele kampar så kjem den, seier han.

No trur 22-åringen frå Kaupanger at han spelar 2. divisjonsfotball med Førde neste år, sjølv om han eigentleg er under kontrakt med moderklubben.

– Me har ikkje snakka så mykje om det enno, men eg stortrivst her og tykkjer 2. divisjon er eit passande steg for meg no, seier måltjuven.