Hopp til innhold

Håper på støtte til Jølster

Medan helseministeren gir 187 millionar kroner til eit nytt senter for rehabilitering, lett psykiatri og ME i Sør-Trøndelag, er det stilt rundt Senter for Livsmestring i Jølster.

Senter for Livsmeistring i Jølster får ikkje svar frå regjeringa på søknaden om mildar til eit fem-årig prosjekt, skriv Bergens Tidende.

Eit tilsvarande tilbod i Sør-Trøndelag har allereie fått pengar, men livsmeistringssenteret i Jølster ventar framleis på svar.

- Overraska

Jølster-ordførar Gerd Dvergsdal er uroa over situasjonen og seier den er utilfredsstillande.

- Eg vart både overraska og imponert over at statsråden la igjen så mykje pengar der oppe, seier ho til avisa.

Dvergsdal har i fleire år engasjert seg for å få på plass midlane til den planlagde drifta ved Senter for Livsmestring.

Vil ha pilotstatus

- Her sit vi med eit helsefagleg velfundert prosjekt, tilnærma likt det dei tenkjer seg i Rissa.Vi har lokala klare og kompetansen på plass. Når vi ikkje får svar eller høyrer noko frå departemente må eg tilstå at eg blir uroa over situasjonen, seier Dvergsdal.

Stiftelsen Bergen Diakonissehjem eig senteret, og søkte i juni om pilotstatus innanfor den nye helsereforma. Søknaden var på 18 millionar kroner fyrste året, og 32 millionar kroner etter tre år.

- Håp for oss også

Senteret skal etter planen tilby behandling og førebygging av mellom anna tvangslidingar, ME-sjuke, samansette psykisk/fysiske lidingar og diverse rusproblematikk.

- Eg tenkjer at når ein helsestatsråd frå Ap kan gjere så mykje for eit liknande prosjekt i Sør-Trøndelag, så må det vere håp for oss også, seier direktør for Stiftelsen Bergen Diakonissehjem, Terje Steen Edvardsen.

Ingen i den politiske leiinga i helse og omsorgsdepartementet vil kommentere saka til BT.