Hopp til innhold

Håpar sentrale vitne kan gje svar

Politiet reknar med at dei i løpet av måndagen kan seie noko om årsaka til kollisjonen på E39 i Våtedalen andre juledag.

Trafikkulukke i Våtedalen

DØDSULUKKE: Politiet håpar dei i løpet av måndagen kan kunne seie meir om årsaka til den tragiske dødsulukka i Våtedalen.

Foto: Runar Sandnes

Tre personar miste livet i den kraftige frontkollisjonen på europavegen torsdag. I tillegg vart ein 49 år gamal mann moderat skadd, medan ein ni år gamal gut vart lettare skadd.

Politiet har sidan ulukka jobba med å finne svar på kva som skjedde, og det er gjort ei rekkje avhøyr. Vegen er brei og oversiktleg der ulukka skjedde. Det skal ha vore våt vegbane, men ikkje glatt. Ifølgje politiet var det vitne til sjølve kollisjonen.

Lensmann i Jølster Knut Skurtveit håpar opplysningar frå fleire sentrale vitne vil gje viktige svar.

– Vi har framleis nokre sentrale vitne vi skal avhøyre, og det skal etter planen gjerast i dag.

– Når vi er ferdige med dei kjem vi til å ha ei runde med jurist, og vi vil vurdere om vi skal gå ut med årsakssamanhengen, seier Skurtveit til NRK.no.

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen har også gjort undersøkingar, og politiet vil samanfatte sine opplysningar med det dei har funne på ulukkesstaden.

– Vi håpar at brikkene skal falle på plass når vi har fått gjort avhøyra i dag, og at vi då kan seie meir om årsaka, seier Jølster-lensmannen.

Dei tre som omkom var Anders Jakob Raad (73) og Solveig Oddny Raad (75) frå Byrkjelo i Gloppen, og Arvid Flølo (43) som var busett på Vassenden i Jølster.

Skurtveit har tidlegare opplyst at det eldre ekteparet som omkom sat i baksetet i den eine bilen, medan 49-åringen som er moderat skadd køyrde bilen, og niåringen som er lettare skadd sat i passasjersetet framme. 43-åringen som omkom var åleine i sin bil.