Hopp til innhold

Håpar på veg over Hardangervidda

Frank Sve er fylkesleiar i Framstegspartiet i Møre og Romsdal, og han håpar Stortinget vel Hardangervidda som hovudveg mellom aust og vest. Det gjer han berre fordi han elles fryktar at fylket hans ikkje skal få sine vegar.

Frank Sve på vegkonferanse i Geiranger

MÅ VELJE SINE KAMPAR: Frank Sve er ikkje oppteken av vegen over Hemsedalsfjellet, meiner tvert om at fylket hans kan ende opp med å tape om det blir hovudvegen mellom aust og vest

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg har haldt på så lenge med samferdsle at eg veit at ein må prioritere, og ein må tore å gå for det, seier Sve, som også er leiar for samferdsleutvalet i Møre og Romsdal.

Statens vegvesen har kome med si tilråding om å satse på vegen over Hemsedalsfjellet som hovudveg mellom aust og vest her i landet. Likevel er det framleis Stortinget som til sjuande og sist skal avgjere det heile, og i Bergen og delar av Hordaland kjempar ein framleis for å få Hardangervidda.

Les også: Kampen byrjar no

I Sogn og Fjordane står dei aller fleste knallhardt på for Hemsedalsfjellet, og nokre i Møre og Romsdal har også vald å kome med støtteerklæringar. Ifrå Sve i Framstegspartiet er det derimot ikkje noko støtte til brorfylket i sør å skimte.

Håpar på veg så langt sør som mogleg

– Eg skjønar godt at folk i Sogn og Fjordane kjempar for den vegen dei meiner er viktig, men for oss i Møre og Romsdal er det å få ny riksveg 15 som er det aller viktigaste. For min del håpar eg difor at hovudvegen mellom aust og vest kjem så langt sør på vestlandet som mogleg, slik at staten ser at dei må prioritere riksveg 15 her i nordaust.

Les også: Vegvesenet går for Hemsedalsfjellet

Stortingsrepresentant for Høgre er ikkje imponert over utspelet til Sven.

Bjørn Lødemel på vegkonferanse i Geiranger

IKKJE SAMD: Bjørn Lødemel er ikkje samd i at alle vegprosjekt på Vestlandet treng å sjåast opp mot kvarandre.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– I saka om samband over fjellet er det snakk om ei rein vurdering mellom Hardangerfjellet og Hemsedalsfjellet, det har ikkje noko med andre prosjekt å gjere. Eg skulle gjerne sett at fleire i Møre og Romsdal hadde støtta oss i den kampen for å satse på vegen over Hemsedalsfjellet, seier Lødemel.

Ei kniving om pengane

Men Frank Sve er ikkje heilt samd i den analysen.

– Det er ein kniving om pengane heile vegen, og det gjeld å ta kampen. Hemsedalsfjellet er ikkje viktig for oss her i vår region, og det har eg vore open om.