NRK Meny
Normal

Håpar på publikumsrekord på filmfestivalen

Sogndal Filmfestival lovar filmar av høg kvalitet når årets festival går av stabelen i Sogndal kulturhus torsdag kveld.

Sunniva Lerum Hollekve, Anna Brugrand og filmsjef Anders Nyland Fardal

GLER SEG: Festivalsjefane Sunniva Lerum Hollekve (til venstre, Anna Brugrand og Anders Nyland Fardal er blant dei 13 elevane som står bak filmfestivalen. Dei lovar mykje god underhaldning.

Foto: Sogndal Filmfestival

Over 40 filmar har blitt sendt inn til juryen med mangeårig jurysjef Stein Magne Os i spissen. Dei har plukka ut ni vinnarar i ulike kategoriar.

Desse skal delast ut på gallakvelden torsdag klokka 19.00 i Sogndal kulturhus. Bak festivalen står tredje klasse på medielinja ved Sogndal vidaregåande skule.

– Vi håpar på godt oppmøte, og ønskjer publikumsrekord. Det er målet vårt, så vi håpar flest mogleg finn vegen til kulturhuset, seier festivalsjef Sunniva Lerum Hollekve.

– Høg kvalitet på filmane

Hanne Remme , Torkjell Wenjum, Bjørn Bergum og jurysjef Stein Magne Os

JURYEN: Hanne Remme, Torkjell Wenjum, Bjørn Bergum og jurysjef Stein Magne Os.

Foto: Sogndal Filmfestival

Festivalen har blitt arrangert kvart einaste år, og er i år den 11. i rekkja. I fjor vart det publikumsrekord med 150 frammøtte.

I tillegg dei ni prisane juryen skal dele ut, skal det også delast ut ein publikumspris. Ti kortfilmar er nominerte til den gjeve prisen, og fram til klokka 12 torsdag er det framleis mogleg for publikum å stemme på sin favoritt.

– Det er veldig høg kvalitet på filmane i år, og det kan ha litt samanheng med at vi har vald å satse utanfor fylkesgrensene. Vi har kanskje fått inn eit litt breiare utval av filmar i år enn før. Men det er også viktig å påpeike at det er veldig gode bidrag frå eige fylke og ikkje minst Sogn, som stiller høgt, seier Lerum Hollekve.

Besøk frå filmskapar og TV-profil

Det blir ikkje berre prisutdeling på gallakvelden, men også underhaldning.

Det blir mellom anna sofaprat med TV-profilen Leo Ajkic og filmskapar Erik Poppe, som i desse dagar er aktuell med «Kongens nei», som har premiere i september.

Poppe vil vise fram eksklusive klipp frå filmen, som til no berre har vore synt fram for eit lukka lag med filmfolk.

– I tillegg blir det litt danseinnslag og song, fortel festivalsjefen.

Sogndal filmfestival

PUBLIKUMSFAVORITT: Ti kortfilmar er nominerte til årets publikumsfavoritt. Den kan du stemme på her på våre nettsider fram til torsdag klokka 12.00.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.