Hopp til innhold

Håpar å unngå skulenedlegging

Lærdal må spare minst ti millionar kroner i året framover, og skulenedlegging er blant kutta som vil monne. Det er likevel det som freistar minst.

Ljøsne skule i Lærdal.

KAN IKKJE LOVE: formannskapsmedlem Gunn Beate Sjøtun i Senterpartiet kan ikkje love at det ikkje blir nedlegging av Ljøsne skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi ønskjer å halde oppe skulestrukturen. Vi snur kvar einaste stein og ser på budsjettet kor vi kan spare for å unngå dette, seier formannskapsmedlem Gunn Beate Sjøtun i Senterpartiet.

Torsdag førre veke kom sjokkbeskjeden for innbyggjarane. Nok ein gong må dei gjennom tøffe økonomiske kutt. 19 årsverk er kutta dei siste tre åra. I åra som kjem må kommunen ta ned driftsutgiftene med minst 10 millionar kroner i året, ein sum som kan auke opp mot 15 millionar kroner årleg utover fireårsperioden.

Grunnen er sviktande inntekter frå eigedomsskatt på kraftverk og sviktande inntekter på sal av kraft.

I går kveld hadde formannskapet møte, og der gjekk dei gjennom ei rekkje moglege kutt.

Kan ikkje love noko

Eit kutt som vil monne er å leggje ned Ljøsne skule, ein av dagens tre skular i kommunen. Senterpartiet gjekk til val på å spare alle skulane, men no kan ikkje Sjøtun love noko lenger.

– Eg skulle gjerne sagt at vi fredar skulen, men vi må vere ansvarlege politikarar. Vi må sjå på alle moglegheitene og alternativa, seier Sjøtun som samtidig understrekar at det sit veldig langt inne å leggje ned skulen på Ljøsne, seier ho.

Men politikarane står føre tøffe val når dei må spare pengar. Sjøtun kan love uroa foreldre, elevar og tilsette ein ting.

– Vi gjer det vi kan for å ikkje leggje ned skulen. Vi har ikkje lyst til å ta den, seier Sp-politikaren.

Skulenedlegging, eigedomsskatt og kraftpengar

Også fungerande ordførar Trond Einemo (H) registrerer liten politisk vilje til å leggje ned skulen på Ljøsne.

– Det har eg ikkje veldig stor tru på slik som den politiske makta er fordelt i kommunestyret. Det står att å sjå når saka kjem til vedtak, seier Einemo.

På formannskapsmøtet i går kveld diskuterte han og dei andre medlemmane fleire kutt.

Blant dei større postane der politikarane kan finne pengar er utviding av eigedomsskatten, kraftpengar frå lokale selskap og nedlegging av ein av skulane. Blant dei mindre er kutt i administrasjon og helse og omsorg.

– Vi skal klare å finne kutta som gjer at vi kjem i mål. Spørsmålet er om vi klarar det neste år. Vi har fått løfta på nokre steinar i dette møtet, men det står att framleis mykje. Kunnskap om konsekvensane av dei forskjellige tiltaka er viktig, seier Einemo.