NRK Meny

Handsamar krav om folkerøysting

Måndag skal formannskapet i Hornindal kommune diskutere kravet om folkerøysting i samband med kommunesamanslåing. Det melder Fjordingen. På bakgrunn av mellom anna ei innbyggarundersøking, sa kommunestyret i juni ja til å slå seg saman med Volda. Men i etterkant signerte 337 personar i kommunen krav om folkerøysting. Rådmannen har ikkje kome med tilråding i saka, og den vert endeleg avgjort i kommunestyre torsdag.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen