Rullestolbrukar med bok om mental helse

Anne-Pia Nygård har skrive ein sjølvbiografi med tittelen "Det som ingen ser".

Anne-Pia Nygård

Anne-Pia Nygård

Foto: Steinar Lote / NRK

Ho vart lam frå livet og ned då ho var ti år. Ryggmargen var kome i klem medan ho var under behandling for skeiv rygg. Nygård håper boka kan hjelpe til med å sette fokus på den mentale helsa og ikkje berre den skadde kroppen.

Alt som kom i vegen. Dørkarmen, kjøkenstolen, sko, ting ho mista på golvet. Det hata ho så intenst og fekk henne i ubalanse. Fekk henne til å byrje å grine. For innerst inne visste ho at det var seg sjølv ho ikkje kunne fordra

Utdrag frå boka "Det som ingen ser"

Mangel på litteratur frå andre i liknande situasjonar gav ho stor drivkraft til å skrive

- Det vart lagt vekt på kva som hadde skjedd med kroppen min og kva den trengde. Eg måtte ha rullestol, rampe, heis og tilrettelagd bil. Men det var ingen som snakka noko om korleis eg hadde det i forhold til meg sjølv. Kva tenke eg om meg sjølv ?, seier ho.

Laug for venene

Det var fyrst i tenåra at konsekvensane av skaden gjekk opp for ho. Ei tid kor det er ekstra vanskeleg å skilje seg ut

- Eg hadde eit eige pleierom på skulen der heimesjukepleien skulle kome og hjelpe meg. Men eg fortalte til vennane mine at eg var der for å trene. For det var meir akseptabelt enn at dei kjem for å hjelpe meg å tisse.

Mastergradstudenten har skrive på boka dei to siste åra. Boka har fått tittelen" Det som ingen ser". For etter ho kom i rullestol, har mange berre sett ho som rullestolbrukar og knytt opp identiteten hennar til det.

- Eg sjølv følte meg som den eg hadde vore, og dei som kjende meg såg meg som den. Men andre som såg rullestolen i staden for meg, gjorde at eg byrja å tru at eg var det handikappet mitt.

Lei bakvegane

Nygård er lei av at funksjonshemma må ta bakvegane i samfunnet. Ho trur universell utforming av bygningar, det vil sei bygg alle kan bruka på ein likestilt måte er viktig for at dei funksjonshemma skal få vere ein del av samfunnet.

- Skal eg gå i lag med nokon folk til kommunehuset, går dei opp trappa på framsida, medan eg må gå rundt på baksida for å gå inn bakvegen. Ein tenkjer kanskje ikkje over det. men kva gjer det med ein person når ein alltid må gå bakvegen ? Når du alltid er den som det er laga nokre spesielle tiltak til. Alle slike hindringar gjer noko med korleis du føler deg og.

Sjølvterapi for andre

Heime hos seg sjølv kjem ho seg til der ho vil. Lister og tepper kjem ikkje inn i leilegheita og hyllene i kjøkenskapet kan ho heise ned.

- Kva har det gitt deg å skrive denne boka ?

- Det er ein terapi fordi eg har gjenopplevd ein del ting. Eg er glad for at eg har kome så langt at eg kan bruke det eg har opplevd til å hjelpe andre til å forstå.