Hopp til innhold

Må investere 70 millionar i to skular

Ordføraren fekk fersk og nedslåande rapport om skulane på bordet.

Oddmund Klakegg

ORDFØRAR: Oddmund Klakegg vedgår at barne- og ungdomsskulane i Jølster har stort investeringsbehov.

Foto: Alf Vidar Snæland

Den ferske rapporten viser at Vassenden og Skei skular i Jølster har investeringsbehov på 70 millionar kroner

– Vi står overfor store utfordringar, vedgår ordførar Oddmund Klakegg (Sp) overfor Firda.

Vil ha folkevekst

Rapporten er ikkje handsama politisk, og ordføraren presiserer at kostnadene baserer seg på kalkulatoriske utrekningar.

Vassenden skule

STORT BEHOV: Vassenden skule har investeringsbehov på over 50 millionar kroner.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Størst er behovet ved Vassenden, der to store klasserom, mellom sju og 13 grupperom, gymnastikksal med tre salar og garderobar, større lokale til SFO og oppgradering av oppgradering av datarom, ventilasjon og uterom står på lista.

– Det er nær samstemt semje om at vi ynskjer folketalsvekst. Vil vi det, må kommunen riggast til ei slik utvikling. Då må vi ha skular og barnehagar som kan ta ein slik vekst, seier Klakegg til avisa.

Stort behov på Skei

Behov for nye klasserom er det også på Skei, samt grupperom og balansert ventilasjon både på barne- og ungdomsskulen. I tillegg treng både mediatek og uteområdet eit løft. Behovet blir vurdert til 17,5 millionar kroner.

Kommunen har starta arbeidet med økonomiplanen, men det er førebels uvisst korleis Jølster skal makte ei slik investering i dei to skulane.

– Det vil bli ein del av den politiske prosessen, den er enno ikkje i gang, seier ordføraren til Firda.