Hopp til innhold

Ingolf er lommekjend på vegstrekningane på den gamle filmen frå 1965

Ingolf Horsevik er mellom dei mange som kjende seg att på klippa frå TV-programmet frå 1965. Han bur i Erdal i Førde, men han er oppvaksen i området der dei fleste klippa er frå.

Ingolf Horsevik

KJENNER KVAR SVING: Ingolf Horsevik (82) trødde barneskoa der fleire av opptaka er tekne.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Og for å vere heilt sikker i si sak køyrde han delar av vegstrekningane sju-åtte gonger sist søndag. For sidan 1965 har det kome mykje skog langs vegen.

For det første: Den smale brua vi ser er ikkje gamlebrua i Naustdal, slik vi trudde. Som det meste i den første delen av utklippet frå programmet er det frå det som i dag er fylkesveg 421 mellom Sande og Viksdalen, seier Horsevik, medan han kommenterer filmen.

  • Her kan du sjå filmen medan du les guidinga til Horsevik:
    I 1965 laga NRK TV-program om vekstsenteret Førde og filma då langs ein del av vegane i området.

– Dette kalla vi Stuttesvingen, no kjem du til Djupevika, og der ser du Kjelstadnaustet. Her i Djupevika var det ein gamal handelsstad, og båten la til her tidlegare. Der er grensa mellom Sande og Viksdalen.

– No er du snart komen til Horsevika, og der ser du at det ligg skodde oppe ved Kjelstadstølen. Der har du Fossevik bru, du ser så vidt den andre brua, det er to bruer der. Og mannen på traktoren kan anten vere Skudalsnesen eller Holsen. Begge hadde slik traktor då.

Kart over fv 421

HER KØYRDE DEI: NRK-teamet i 1965 køyrde på sørsida av Hestadfjorden, i dag er det fylkesveg 421.

Foto: www.fylkesatlas.no

Så kjem ein sekvens som Horsevik ikkje er heilt sikker på, men han trur det er på vegen mellom Eldalsosen og Gaularfjellet.

– Men der er du komen inn til Gjermundstad, dette er litt før. Den vegen som går opp der kan vere vegen til Tjønneland, men eg er ikkje heilt sikker. Og så ser vi eit kort kutt frå vegen opp Gaularfjellet frå Vetlefjorden.

Ingolf Horsevik

LOMMEKJEND: Ingolf Horsevik.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bussen frå Vetlefjorden gjekk her

Mange vil kanskje stusse over at NRK-teamet i 1965 køyrde det som no er fylkesveg 421 mellom Sande og Eldalsosen på vegen frå Førde til Gaularfjellet. Men Ingolf Horsevik meiner det ikkje er så rart.

– Dei kunne sjølvsagt ha køyrt over Rørvikfjellet, men på den tida gjekk bussrutene frå Vetlefjorden over Gaularfjellet om Sande. Vi kalla desse bussane vi ser for Vetlefjordruta, eg hugsar at Hestebeiten var ein av sjåførane på ruta.

Og når vi snakkar om vegstandard. Akkurat denne strekninga på dagens fylkesveg 421 er om lag som han var i 1965 med unnatak av at det har kome fast dekke. Horsevik synest det var veldig interessant å sjå att dei snart 50 år gamle klippa.

– Det var veldig artig å sjå på.

Steinen i Førde

Og Ingolf Horsevik er ikkje den einaste som har informert oss om kvar NRK-teamet i 1965 filma. Arne Ottar Hetle, Per Ståle Grytås, Per Lien, Harald Eriksen; Magne Skrede, Olav Vågen og Ole Johan Eikeland har alle kjent seg att på vegen mellom Sande og Viksdalen.

Kvernbergtunnelen ved Steinen i Førde

GAMAL OG NY TUNNEL: Kvernbergtunnnelen på vegen frå Askvoll mot Førde sentrum. Den gamle tunnelen til venstre.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Men dei to siste kutta på videosnutten er det færre tilbakemeldingar på. Både Harald Eriksen og Terje Movik Laukeland meiner tunnelen med rasfareskilt er den gamle tunnelen på Steinen i Førde, på dagens veg mot Askvoll.

Og det er nok heilt rett. Tunnelen er i dag erstatta av Kvernbergtunnelen, men blir brukt til gang- og sykkelveg. Den såkalla Folkelånsvegen mellom Førde og Askvoll kom ikkje før på 1970-talet, men tunnelen på Steinen var bygd lenge før, på 1940-talet.

Og så skulle ein kanskje tru at det er den same tunnelen vi kjem ut av i den siste sekvsnsen

Gamletunnelen ved Steinen i Førde

GAMLETUNNELEN: Her sr vi inngangen til den tunnelen NRK-teamet køyrde gjennom i 1965 - på Steinen i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mellom Lærdal og Erdal

Men det er ikkje tilfelle. Dette opptaket er gjort langt frå Førde. Odd Helge Brugrand er sikker på at det er tunnelen gjennom Raudberg mellom Lærdal og Erdal.

Truleg har TV-teamet teke ein avstikkar til Erdal medan dei venta på ferja frå Lærdal til Kaupanger. Dei visste kanskje at denne strekninga året etter ville vere ein del av vegen til det nye ferjeleiet som i 1966 vart oppretta på Revsnes.

For eitt tema i programmet var dei kronglete kommunikasjonane mellom Førde og Austlandet. På den tida var det ikkje heilårsveg over Strynefjellet. Det same var - som no - tilfelle med Gaularfjellet.

Det at Førde vart utpeika til vekstssenter gav Sogn og Fjordane ein del ekstra pengar til vegbygging. Dagens fylkesveg 55 frå Balestrand til Kongsnes vart bygd for at det skulle gå an å kome seg med bil frå Førde til indre Sogn også vinterstid og for å gje Sunnfjord betre samband mot Austlandet og Oslo.