Han kårar fylkets skravlekopp

Kven snakkar på inn- og utpust? Kven snakkar som ein foss, og om alle moglege tema samstundes? Denne personen vil Pål Plassen og NRK P1 gjerne ha tips om. Den heller uhøgtidlege kåringa av fylkets Skravlekopp er del av «Hele Norge snakker» og skal delast ut i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane onsdag. Har du innspel til kven som fortener prisen, send SMS med kodeord til SF 1987, med grunngjeving.

"Hele Norge snakker" Pål Plassen
Foto: Oddleif Løset / NRK