Hopp til innhold

Han kan nå langt, seier trenaren

Åge Solheim frå Haugen i Eid har det meste som skal til for å bli ein god alpinist internasjonalt, seier trenaren hans, Jørn Tore Lindberg.

Åge Solheim trenar slalåm

KAN BLI I VERDSKLASSE: Åge Solheim har åtte pallplasseringar i FIS-renn i vinter.

Foto: Privat

Trenaren meiner Solheim er så målmedviten og jobbar så solid at han kan nå langt.

– Han har ein veldig god grunnteknikk, som han har utvikla vidare. Viss han innfrir slik han har gjort i det siste vil han få fleire sjansar i europacupen.

Lindberg meiner Solheim har størst sjansar til å nå opp mot verdstoppen i dei tekniske disiplinane, slalåm og storslalåm.

– No er junior-VM i Åre i Sverige i mars ei gulrot han bør satse på å nå. Det har han sjanse til å greie.

Solheim køyrde i helga inn til si åttande pallplassering. Strand var nok ein gong like utanfor, men likevel med nok FIS-punkt.

Atle Hamar

– FANTASTISK UTGANGSPUNKT: Leiar Atle Hamar i alpinkomiteen i Sogn og Fjordane skikrins gler seg over to lovande alpinistar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Har gode sjansar

Atle Hamar, som er leiar i alpinkomiteen i Sogn og Fjordane skikrins, har god tru på både Åge Solheim og jølstringen Andreas Strand, som er dei sterkaste alpinkorta frå Sogn og Fjordane på mange år.

– Begge har vore jamt med oppe i toppen i FIS-renna i vinter. Det er eit fantastisk utgangspunkt for vidare vurdering. Europacup blir vurdert ut frå kor godt dei gjer det i FIS-renn i Norge og Sverige.

Han trur at iallfall Solheim bør ha gode sjansar til å få køyre europacup.

– Han har vore innom europacup i eit par samanhengar, og har køyrt så pass godt at han definitivt bør vere med i vurderinga. Andras Strand har fleire renn i slalåm spesielt som er opp under 30 FIS-punkt, og eg reknar med at folk i skiforbundet og trenarane følgjer med han med tanke på europacuputtak.

– Må vinne FIS-renn først

Andreas Strand

IMPONERT: Andreas Strand (18) har dei siste renna hevda seg mot opp til fire år eldre alpinistar i FIS-renn.

Foto: Privat

Trenaren til Andreas Strand, Hallgeir Vognild, meiner jølstringen må vise til endå kvassare resultat enn han har hatt til no om det skal bli snakk om europacup.

– Han har god framgang i slalåm med stabile resultat, heilt klart på høgt nivå på trening og enkeltomgangar i renn. Men ein må ha stabile resultat over tid heilt i toppen. Når ein tek til å vinne FIS-renn i Norge er ein stort sett klar for å ta steget inn i Europacupen.

Vognild trur at med framgangen til no så vil Strand vere aktuell før jul neste sesong. Han viser til at Strand er ung enno.

– Det er høgt nivå på dei som er juniorar i Norge, det at han hevdar seg der er eit styrketeikn.