NRK Meny
Normal

Han har opna for (litt) nynorsk i VG

Den 10. mars i år hadde VG ein artikkel med tittelen «Endeleg kan verdas tyngste kvinne smila igjen». Denne artikkelen markerte eit vendepunkt for avisa.

Gard Steiro

– LITT, MEN IKKJE MYKJE NYNORSK: Ansvarleg redaktør i VG, Gard Steiro.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Det var ikkje akkurat innhaldet i artikkelen som var epokegjerande. Journalist Jostein Matre hadde skrive om Eman Ahmed frå Egypt, som før ein fedmeoperasjon i India vog over 500 kilo.

Nei, det var målforma artikkelen var skriven på som fekk mange til å stusse. For ein redaksjonell artikkel på nynorsk er ikkje kvardagskost i VG.

– Litt meir liberal norm

Gard Steiro tok i januar i år over som ansvarleg redaktør i VG. Han meiner det er underleg og respektlaust at nynorskbrukarar blir omsette til bokmål.

– Vi er ein nettstad som har lesarar i heile landet, også mange nynorskbrukarar. Då vi berre var ei papiravis var det greitt å ha ei språknorm. Når vi no får innlegg og kommentarar frå folk som ynskjer å skrive nynorsk, meiner vi det er rett å opne for det.

I einskilde redaksjonelle artiklar meiner Steiro også at det er rett å bruke nynorsk.

– Det er ikkje eit radikalt skifte, men det er ei litt meir liberal språknorm enn vi har hatt tidlegare. Eg har ikkje sett noko prosentmål for kor mykje nynorsk det skal vere. VG skal først og fremst vere i bokmålsavis, vår tradisjon er bokmål, og majoriteten av lesarane våre brukar bokmål.

Nynorskartikkel i VG

HISTORISK: Denne artikkelen var den første i ei rekkje av kanskje ikkje så veldig mange artiklar på nynorsk i VG.

Foto: Skjermbilete

– Verdas tyngste kamp

Gard Steiro kom til VG frå stillinga som sjefredaktør i Bergens Tidende, som har stoff på både bokmål og nynorsk. Men han avviser at det han no gjer er noko han har teke med seg frå BT.

– Nei, eg har hatt same synet i mange år. Også aviser i Oslo som prøver å nå breitt ut bør vere litt meir liberale enn dei har vore.

Jens Kihl

– STATUSLØFT: Nestleiar Jens Kihl i Noregs Mållag.

Foto: Pressefoto

– At språket vårt no kjem oftare på trykk hos VG, kjennest som eit statusløft for heile nynorsken, seier Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag. Han er sjølv nynorskskrivande journalist i Klassekampen.

– Lite visste vi at det var ein fedmeoperasjon i India som skulle markere vendepunktet for nynorsken i VG. Men ja, vi har stundom kjent det som verdas tyngste kamp, legg han til.

Få reaksjonar

Gard Steiro seier at applausen frå mållaget ikkje er det viktige for han.

– Eg tenker mest på lesarane våre. Dersom dei set pris på det, er eg nøgd.

Til no har det vore svært lite av reaksjonar.

– Dei vi har fått har stort sett vore positive, men dei har ikkje vore mange.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser