Hopp til innhold

Hamna på taket etter etter møteuhell

To personar er sendt til legevakta etter eit møteuhell på E39 ved Vassenden i Jølster.

Trafikkuhell på Vassenden

TIL LEGE: Både førar og passasjer i bilen vart sendt til legevakta for kontroll.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Politiet fekk melding om uhellet klokka 17. Uhellet skjedde kring 300 meter frå Vassenden, i retning Skei.

– Den eine bilen har kome utfor vegkanten og deretter kome over i motgåande køyrebane, fortel operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Bilen enda på taket i vegbana. Både førar og passasjer, ein mann i 70-åra og ei kvinne i slutten av 60-åra, er begge sendt til legevakta for kontroll.

I den møtande bilen sat ein mann i 40-åra og tre born. Desse kom uskadde frå uhellet.

Dei ytterlegare omstenda kring uhellet er førebels ukjende. Statens Vegvesen opplyser at det er manuell dirigering på staden.

Dette er det andre uhellet på Jølster denne ettermiddagen. Tidlegare måndag kom ein mann i slutten av tenåra uskadd frå ei utforkøyring ved Årdal. Og i Selje vart ein mann i 70-åra fråteken førarkortet etter ei utforkøyring ved Gorgeneset.