Vêromslag har ført til svært vanskelege køyreforhold på fjellovergangane i dag.
På Hemsedalsfjellet er det no snøføre og eit vogntog har hamna i grøfta.
– På Hemsedalsfjellet er det store problem. Mange som kjem med sommardekk, og fleire bilar har større problem, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.
– Bruk kjettingar
Det vart i 12.30-tida meldt om null grader, laber bris og sluddbyer på fjellovergangen. I vegbana ligg det snøslaps.
Vegtrafikksentralen oppmodar store køyretøy til å bruke kjettingar.
– Det er litt spesielt i dag, for det var meldt varmegrader på fjellet, men det har tydelegvis kome snø i ganske store mengde. Så det er vanskelege køyreforhold, seier Molvær.
Står i myra
Det fekk eit norsk vogntog lasta med ti tonn isolasjon merke i 09-tida. I møte med eit anna større køyretøy like sør for Slettevatnet på Buskerud-sida, kom vogntoget for langt ut på kanten og hamna i ei myr.
Det er venta redusert framkjømd til klokka 14. Då blir vegen venteleg stengd i opp til ein halvannan time for bilberging. Ingen personar vart skadde i uhellet.
– Den stod med myr til langt opp på hjula, så vi måtte ha på plass gravemaskin for å få den laus, seier Kenneth Engebakken ved Hallingdal Tungbilberging.