Hopp til innhold

Halve Sogn og Fjordane står utan eigar

Nesten halvparten av det totale landarealet i Sogn og Fjordane står utan ein klar eigar i matrikkelen. Det kan skape store problem for til dømes næringsutvikling, ifølge forskar.

 Sykkylven - landskap. Vestlandet

FJELL: Det er fjell og dalsider over skoggrensa som utgjer det «eigarlause» arealet.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / NTB scanpix

Seniorrådgjevar Henrik Forsberg Mathiesen ved Norsk institutt for bioøkonomi har undersøkt eigedomar større enn 1000 dekar som ikkje er landbrukseigedom. Stort sett dreiar deg seg om utmark over skoggrensa i dalsider og på fjellet.

I Sogn og Fjordane har han undersøkt 11 700 kvadratkilometer – 63 prosent av det totale landarealet i fylket.

– Av 892 eigedomar har vi klart å finne berre 40 som har klart definerte eigarar. Resten, 72 prosent, står med ukjent status i matrikkelen, seier Henrik Forsberg Mathiesen.

Halve fylket

– Så i høve totalarealet har nesten halvparten av landarealet i Sogn og Fjordane ingen eigar i matrikkelen?

– Ja. Og eg har stor forståing for at dette kan verke overraskande og urovekkande for enkelte. For det kan få konsekvensar dersom eigar ønsker å selje eigedom, eller prøver å gjere delar av den om til næringsføremål, seier Henrik Forsberg Mathiesen.

Henrik Forsberg Mathiesen

FORSKAR: Seniorrådgjevar Henrik Forsberg Mathiesen ved Norsk institutt for bioøkonomi.

Foto: Erling Fløistad

Han understrekar at dei fleste kommunane har gode rutinar for korleis dei skal finne fram til rette eigarar.

Men det kan ta tid, for når eigar ikkje står i matrikkelen må kommunen gjere manuelle søk i eigne arkiv. Og likevel ikkje vere sikker på at dei har funne alle eigarane. Slikt kan skape konfliktar.

Ser berre dalane

Matrikkelen er eit offentleg register over fast eigedom, eigedomsgrenser, adresser og bygningar i Norge. Registeret blir forvalta, drive og utvikla av Kartverket. Kommunane har ansvaret for å oppdatere den.

Noko av årsaka til matrikkelen manglar eigarar, er at det økonomiske kartverket i Norge i hovudsak har konsentrert seg om eigedomar under skoggrensa.

Eit fylke som Sogn og Fjordane, med så mykje fjell og vidde, får difor store utslag i undersøkinga til Henrik Forsberg Mathiesen.

– Fordi det økonomiske kartverket ikkje har konsentrert seg om arealet over skoggrensa, framstår det som om halve Sogn og Fjordane er utan eigar, seier forskaren.

Betrar seg

Statskog har frå 2011 satsa sterkt på å oppdatere matrikkelen, spesielt områda som Staten eig, og Staten er ein stor eigar i Sogn og Fjordane. Men Mathisen meiner meir må gjerast.

– Vi går med full fart inn ein digital tidsalder og forventar at all info vi har i registera er oppdatert. Men her har vi ein situasjon der vi må ta mange atterhald, og det kan skape store hinder, seier Mathiesen.

Fylkesmannen føresler nye kommunar i S&F

KART: Sogn og Fjordane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK