No er han folkehøgskulelærar, og for tida vikarierer han som rektor på Sunnfjord Folkehøgskule. Men den store interessa hans er å reise til andre land. Han har vore i over 80 land, og brukar det meste av feriane sine på å reise. Mykje av reisene finansierer han ved å vere reiseleiar for andre.
Som kristen er Møgster svært oppteken av livsglede, og han meiner noko av det mest spennande er å møte menneske med anna tru og bakgrunn enn han sjølv.