NRK Meny

Hallèn blir ny styreleiar

Tidlegare fotballpresident Yngve Hallen er i dag vald som styreleiar i Lærdal Næringsutvikling AS. Han blir også medlem av styret i Lærdal Omstilling. Med det får han ei sentral rolle i utviklinga av Lærdal dei neste åra, skriv kommunen i ei pressemelding. – Eg tykkjer arbeidet som Lærdal legg ned på næringsutvikling er svært offensiv. Det var ikkje vanskeleg å takke ja til jobben, seier Hallèn.

Hallen
Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix